Hopp til innhold

– Det er ein stor skandale heile greia

Pelsdyrnæringa rasar mot regjeringa sitt forslag til kor mykje pengar bøndene skal få for å leggje ned drifta. Regjeringa vil gje 365 millionar, næringa vil ha over to milliardar kroner.

Rev

VIL FORBY: Regjeringa vil forby pelsdyrhald og la i dag fram sitt forslag til korleis nedlegginga av næringa skal skje.

Foto: Sondre Dalaker / NRK

– Det er ein stor skandale heile greia. Både måten det er gjort på, og det regjeringa har verdsett næringa til. Det er ei stor skam, seier pelsdyrbonde Atle Roger Evebø i Fjordane Pelsdyralslag.

I dag sende Landbruksdepartementet eit forslag til lov om forbod mot hald av pelsdyr, samt eit forslag til ei ordning for økonomisk kompensasjon til pelsdyroppdrettarane.

– Eg forstår godt at mange som driv pelsdyroppdrett er uroa. Det har vore mykje usikkert kring dette, men i samband med Jeløya-forhandlingane var det fleirtal for å komme med forslag om å forby pelsdyroppdrett. Det må eg som statsråd følgje opp, og no har me laga eit høyringsforslag som er sendt ut, seier landbruksminister Bård Hoksrud (Frp) til NRK.

– Betyr konkurs

Rev
Foto: Sondre Dalaker / NRK

Pelsdyrnæringa eksporterer for 300 millionar kroner i året. Verken avviklinga av næringa eller kompensasjonen dei blir tilbydd fell i god jord hos oppdrettarane.

– For meg blir det eit betydeleg økonomisk tap og i verste fall konkurs. Det er mange som har satsa relativt mykje pengar på dette dei siste åra, så det kan bli stygt for mange, seier Evebø.

– Kunne du omstilt deg tidlegare?

– Nei, for meg er det heilt umogleg. Dei 15 måla eg har pelsdyrfarmen på, er ikkje brukande til noko anna, seier han.

Regjeringa føreslår å gi næringa om lag 365 millionar kroner i kompensasjon.

Men Norges Pelsdyralslag seier det vil kosta 2,3 milliardar å avvikla næringa rettferdig og riktig, og viser til analysar gjort av Samfunnsøkonomisk analyse og Oslo Economics.

– Dette er eit skammeleg forslag frå regjeringa. Dei har hestehandla med ei heil næring, sett demokratiske prosessar til side og snudd liva til fleire hundre familiar på hovudet. Dette er nesten verre. No vel dei også å setta all anstendigheit til side og slår fast at dei vil ruinera bøndene heilt, seier Bertran Trane Skadsem som er leiar i Norges Pelsdyralslag.

Heller ikkje leiar Lars Petter Bartnes i Norges bondelag er nøgd.

– Det er ein trist beskjed frå regjeringa, og det er ein historisk situasjon i Norge at ei regjering føreslår eit næringsforbod. Regjeringa har næringsfridom som politisk mantra, så dette er i grell kontrast til det.

Også Bartnes meiner at 365 millionar kroner er for lite pengar. Hoksrud seier årsaka til at det er stort sprik i summane, har med kva som er lagt inn.

– Vi ønskjer at folk skal komme i arbeid og jobbe med noko anna framover.

Dyrevernalliansen jublar

– At det denne næringa blir avvikla er viktig for alle som er glad i dyr i Noreg, seier Live Kleveland som er kommunikasjonsleiar i Dyrevernalliansen.

– Me syns det er viktig at dei som driv i denne bransjen får hjelp til å koma over i ny jobb. Difor har me bidratt med informasjon, blant anna økonomiske utgreiingar, for å hjelpa dei over i ei ny framtid.

– Er de ikkje redde for ein svart marknad for pels no?

– I Noreg blir det nesten ikkje seld pels frå mink og rev. Over 99 % av all norsk pels blir eksportert til andre land, som til dømes Kina. Det er viktig å avvikla norsk pelsdyrnæring, blant anna for å stoppa den marknadsføringa som norsk pelsdyrbransje gjer i land som Kina. Der bidreg bransjen til å bygga opp ein pelsmarknad som ikkje har vore der tidlegare, seier ho.

Ut på høyring

Hoksrud seier forslaget blir no sendt ut på høyring.

– No er det mogleg å komme med innspel tilbake. Eg har stor forståing for at mange er usikre og uroa, seier landbruksministeren.