Hopp til innhold

Dette er valet i Suldal

Her er sakene politikarane i Suldal er ueinige om før valet måndag 14. september.

Valglogo

Bør elevane på Nesflaten skule flyttast til Sand ungdomsskule?

Enkelte hevdar at talet på ungdomsskuleelvar ved Nesflaten skule er så lågt at dei bør flyttast til Sand ungdomsskule, både for å betre det faglege innhaldet og det sosiale miljøet. Motargument er at dette vil gå utover bygdene i nord, og at skulevegen vil bli for lang. Det er om lag 50 kilometer frå Nesflaten til Sand, og vegen er ofte utsett for ras.

Bør Suldal bestå som eigen kommune?

Kommunesamanslåing vil bli eit aktuelt tema for Suldal i perioden som kjem. Nokre vil hevde at Suldal allereie er ein så stor kommune, at avstandane ville blitt for store om ein skulle slått seg saman med andre. Men det har også blitt føreslått at Suldal kan slå seg saman med Sauda, Vindafjord og Etne, for å styrke dei kommunale tenestene.

Bør Suldal gå vekk frå samarbeidet med Vindafjord og Etne om ei felles legevakt i Ølen?

I april trakk Sauda seg frå det planlagde legevaktsamarbeidet med Suldal, Vindafjord og Etne. Ei felles legevakt skal etter planen liggje i Ølen. Motstandarane av eit slikt samarbeid meiner avstanden til legevakta vil bli for stor.

Treng kommunen fleire lærarar i barneskulen?

Nokre meiner kommunen treng fleire lærarar pr. elev for å kunne gje tidleg hjelp til dei som treng det. Motargumentet er at det allereie er god nok lærardekning i skulen.

Bør alle butikker i Suldal kunne halde opent på sundagar, dersom Stortinget tillèt det?

Bør Suldal kommune byggje symjebasseng på Sand, sjølv om det bli dyrare enn 96 millionar?

Kommunen har allereie gått inn for at ein skal byggje symjebasseng på Sand. Men den endelege prislappen er ikkje klar, og det kan bli omkamp om bassenget dersom det blir mykje dyrare enn dei 96 millionane som er anslått i dag.