Hopp til innhold

Dette er valet i Hå kommune

Her er utsegna politikerne i Hå strides om før valet måndag 14. september.

Valglogo

Bør ei folkerøysting om Hå skal slå seg saman med ein eller fleire nabokommunar, vere bindande?

For Hå er det ulike alternativ for kommunesamanslåing, nokre vil sjå nordover mot Time og Klepp, andre kan hende sørover mot Dalane eller mot Bjerkreim, medan andre igjen meiner Hå greier seg best aleine. At det går mot ei folkerøysting synest klårt, spørsmålet er om politikarane forpliktar seg til å følgje folkemeininga.

Bør den kommunale kontantstøtta for toåringar avviklast?

I Hå kommune kan familiar få 5000 kroner i månaden pr. barn dersom dei vel å ikkje ha barnehageplass. Foreldre til om lag 80 barn har takka ja til heil eller delvis kontantstøtte. Argument for er valfridom for familiane, og at kommunen då treng færre barnehageplassar. Motargument er at kvinner kan bli haldne borte frå arbeidslivet, og at barn som treng å gå i barnehagen, til dømes for å læra norsk, ikkje gjer det.

Bør vegen frå Stokkelandsmarka leggjast rett ned til fylkesveg 44?

Kvar utbyggingsområdet i Stokkelandsmarka skal knytast til fylkesveg 44, har vore handsama i fleire rundar i kommunestyret. Dagens fleirtal vil at vegen skal enda opp eit stykke sørover mot Brusand, dit dei ønskjer å få flytta jernbanestasjonen. Mindretalet viser til at både bebuarar og næringsliv i Stokkelandsmarka vil ha vegen lenger nord, og at det vil føra til mindre trafikk gjennom Vigrestad sentrum.

Bør Hå kommune bør kjøpa seg inn i utbygginga på meieritomta på Nærbø?

Meieriet på Nærbø er reve, og tomta i sentrum skal brukast til bustader og privat næring. Eit forslag om at kommunen også skal delta, med tenester som bibliotek, frivillighetssentral og opplæringssenter, har til no ikkje fått fleirtal i kommunestyret.

Bør Hå kommune tillata at fleire butikkar enn i dag får halde ope på sundagar, sjølv om Stortinget tillet det?

Bør Hå kommune innføra fleire barnehageopptak i året?

Berre barn som er fødde før 1. september er garantert barnehageplass hausten etterpå. Barn som er fødde seinare, risikerer å måtte venta eit ekstra år på plass. Men kommunane får ikkje statsstøtte til ekstra opptak.

Bør Hå bør bli med i bompengepakken for Jæren?

Bompengepakken for Jæren skal erstatta dagens bomring som er felles for heile regionen. Medan ein ny pakke for Nord-Jæren skal brukast mest til kollektivtrafikk, skal pengane på Jæren brukast mest til vegar i Klepp, Time og Hå. Tilhengjarane meiner at bompengar er naudsynt for å få vegutbygging på Jæren, medan motstandarane meiner at vegbygging må vera det offentlege si oppgåve.

Bør det byggjast ny veg over Høg-Jæren i staden for fire felt på dagens E39?

Dagens E39 mellom Ålgård og Kristiansand er planlagd utvida til fire felt. Eit privat initiativ har løfta fram tanken om å i staden byggja ein heilt ny veg over Høg-Jæren. Det vil spare jordbruksjord og passa betre til transportbehova i regionen, meiner tilhengjarane. Men motstandarane fryktar at fleire utgreiingar vil seinka heile utbygginga av E39.