Hopp til innhold

Ungdomsskulen på Nesflaten kan bli flytta til Sand

Rådmannen i Suldal meiner ungdomsskuleelevane på Nesflaten bør flyttast til Sand frå hausten 2014.

Nesflaten skule

Motstanden på Nes er stor mot rådmannen sitt forslag om å flytta ungdomsskulen til Sand.

Foto: Nesflaten skule

Ryfylke-kommunen kan spara om lag ein million kroner i året på å flytta dei 13 elevane, dersom det ikkje trengst ein ekstra klasse ved Sand ungdomsskule.

Ved ei eventuell flytting blir det berre 23 elevar igjen ved Nesflaten skule.

Leiar for foreldrearbeidsutvalet, Kati Must Nybø, fryktar for framtida til bygda i øvre Suldal dersom det blir kroken på døra for ungdomsskulen.

– Det blir få elevar igjen på skulen dersom ein tek vekk ungdomstrinnet. Og eg trur ikkje folk kjem til å flytta til Nes dersom ungdomsskulen forsvinn, seier ho.

Ikkje lengre reisetid likevel

Roar Obrestad

Roar Obrestad (KrF).

Foto: KrF, Olav Eggebø Aanonsen

Det er nå to år sidan ungdomsskulane i dei andre bygdene i Suldal blei slått saman og sentralisert i kommunesenteret på Sand.

Nesflaten blei spart fordi politikarane frykta elevane ville få ei altfor lang reisetid. Men dette vedtaket blei gjort på feil grunnlag meiner leiaren av levekårsutvalet, Roar Obrestad (KrF).

For nå viser det seg at reisetida på 76 minutt ikkje er meir enn det mange andre elevar som pendlar til Sand har.

Derfor er det ikkje berre fordi kommunen kan spara om lag ein million kroner i året Obrestad støttar rådmannen sitt forslag.

– Økonomi var den eigentlege grunnen til å slå saman ungdomsskulane. Nå handlar det meir om å behandla alle bygdene likt, seier han.

Motstanden stor

Men på Nes er motstanden mot å senda elevane til Sand stor. Nå sender foreldra brev til politikarane der dei påpeikar at det kan bli vanskeleg å rekruttera lærarar dersom ungdomsskulen blir lagt ned.

– Då me lyste ut rektorstillinga nyleg var det berre ein søkar. Søknadsbunkane blir nok ikkje større dersom politikarane tar frå oss ungdomsskulen, seier Kati Must Nybø.