Hopp til innhold

Odda vil hjelpa Suldal med legevakt

Ordføraren i Odda er positiv til å hjelpa innbyggarane i Øvre Suldal dersom legevakta på Sand blir lagt ned og flytta til Ølen.

Odda sjukehus

Legevakta i Odda kommune ligg på Odda sjukehus. Ordføraren i kommunen er positiv til å hjelpa Suldal dersom legevakta i ryfylkekommunen blir lagt ned og lagt til Ølen.

Foto: Eirik Dankel/Helse Fonna

I kveld bestemmer kommunestyret i Suldal seg for om dei skal seia ja til ei felles legevaktordning med nabokommunane Sauda, Vindafjord og Etne.

Formannskapet har sagt ja, og går kommunestyret inn for det same betyr det at legevakta på Sand blir lagt ned og lagt til Ølen.

Dersom det skjer vil dei som bur lengst i utkanten i Suldal, på Bråtveit, få ein køyretur på om lag to timar til næraste legevakt.

Odda-ordførar: – Positiv til samarbeid

John Opdal Odda

John Opdal, ordførar i Odda.

Foto: Simen Sundfjord Otterlei / NRK

Turen til legevakta på Odda sjukehus tar om lag 40 minutt kortare tid og fleire i Øvre Suldal håpar derfor på ei ordning med legevaktsamarbeid med Odda – i tilegg til Ølen – dersom legevakta på Sand blir lagt ned.

– Me har ennå ikkje fått ei formell førespurnad frå Suldal kommune, men i utgangspunktet er eg positiv til eit samarbeid med Suldal, seier Odda-ordførar John Opdal (H) til NRK.

Han ønsker at alle innbyggarane i landet skal ha ei best mogleg legevaktordning.

– Eg kan ikkje seia kva resultatet blir nå, men me skal vurdera dette seriøst dersom Suldal tar kontakt.

Suldal-ordførar: Vil formalisera samarbeidet

Torkel Myklebust

Torkel Myklebust, ordførar i Suldal.

Foto: Privat

I forslaget til vedtaket i kommunestyret i Suldal i kveld, ligg det inne ønske om å opna for legevaktsamarbeid med Odda. Ordførar Torkel Myklebust (Sp) er positiv til å formalisera legevaktsamarbeidet med kommunen over fylkesgrensa til Hordaland.

– Folk i Suldal kan bruka legevakta i Odda i dag, men me ønsker å formalisera dette meir gjennom ei avklaring med kommunen, seier han til NRK.

Blir det ikkje for lettvint å berre gi ansvaret til ein annan kommune?

– Me gir ikkje ansvaret til nokon andre, men opnar for at innbyggarane kan bruka eit tilbod som alt ligg i Odda.

Aksjonsleiar: – Ikkje godt nok med Odda heller

Også aksjonsleiar for å bevara dagens legevakt i Suldal, Per Arne Fisketjøn, meiner det er naturleg å sokna til legevakta i Odda for folk på Nesflaten og Bråtveit dersom han taper kampen om legevakta på Sand i kveld.

– Det er naturleg å ha det valet. Legevakta i Odda blir brukt av suldøler i dag og det er mange i Øvre Suldal som er fødde på sjukehuset i Odda.

Han seier eit legevaktsamarbeid med Odda blir eit plaster på såret for folk i Øvre Suldal dersom legevakta på Sand blir lagt ned, men at det likevel ikkje vil gi eit fullverdig helsetilbod.

– Legevakt i Odda er på ingen måte nært nok for folk i Øvre Suldal, seier Fisketjøn som varslar stort oppmøte og protestaksjon utanfor kommunehuset på Sand i samband med kommunestyremøte i kveld.

Odda kommune har i dag ei legevaktordning med nabokommunane Ullensvang og Jondal. Legevakta er lokalisert på Odda sjukehus.