NRK Meny
Normal

Dette er valet i Klepp

Her er sakene politikarane i Klepp er ueinige om før valet måndag 14. september.

Valglogo

Må takten i bustadbygginga i Klepp ned?

Sterk vekst i innbyggjartalet fører til store kostnader til mellom anna skule, barnehagar og omsorg. Difor bør kommunen stramme inn bustadbygginga, meiner nokre. Det vil også minka presset på dyrkbar jord i ein av landets viktigaste landbrukskommunar. Andre meiner at veksten i folketalet har vore lågare dei siste par åra, og at innstrammingar difor ikkje er naudsynt no.

Treng Klepp kommune eigedomsskatt for å gje innbyggjarane gode nok tilbod?

Klepp har sterk auke i talet på innbyggjarar, og desse trenger skular, barnehagar og helsetilbod. Difor må kommunen auke inntektene sine, meiner nokre. Andre meiner det heller handlar om at kommunen må jobba smartare og nytta dei økonomiske midla betre.

Skal det byggjast ny kyrkje på Kleppe?

Den rundt 160 år gamle kyrkja på Kleppe er for lita i høve til folkemengda, og manglar plass til aktivitetar kyrkjelyden ønskjer å driva. Skeptikarane til å byggja ny kyrkje meiner kommunen ikkje har råd til nybygg nå.

Må planane for kva meieritomta på Kleppe skal brukast til landast no?

Kommunen kjøpte det gamle meieriet i Kleppe sentrum då det blei lagt ned for over fem år sidan. Sidan har diskusjonen gått om kva det skal brukast til. Nå meiner fleire at det må handlast. Dei ønskjer seg eit nybygg som kan vera ein møteplass med ulike kulturelle aktivitetar. Motargumentet er at meieriet må sjåast i samanheng med ein ny sentrumsplan, og at det difor trengst fleire utgreiingar.

Bør Klepp bør avvise å gå inn i ein storkommune der også Sandnes er med?

Åtte kommunar på Jæren og Nord-Jæren er med i diskusjonen om kommunesamanslåing. Dersom Klepp ikkje skal bli fortsetja som eigen kommune, er alternativa ein Jæren kommune med Klepp, Time og eventuelt Hå, ein større kommune der også Sandnes deltek, eller ein storkommune med Stavanger som sentrum.

Bør alle butikkar som ønskjer det, kunne ha ope på vanlege sundagar, dersom Stortinget tillèt det?

Bør Vasshus skule leggjast ned?

Vanskeleg økonomi i kommunen har ført til ein diskusjon om skulekrinsgrensene i Bore, med spørsmål om Vasshus skule med 50 elevar skal leggjast ned. Små skuler er dyrare å drifta, og krev pengar som elles kunne gått til alle elevane i kommunen. På den andre sida er skulen viktig for nærmiljøet, og foreldra ønskjer at skulen skal halda fram.

Bør Klepp kommune aktivt oppmuntra og støtta bønder som ønskjer å leggja om til økologisk jordbruk?

Klepp kommune er eit av landets viktigaste landbruksområde i matfylket Rogaland. Men sjølv om nordmenn kjøper stadig meir økologisk mat, er det langt fram til regjeringa sitt mål om at 15 prosent av matproduksjonen skal vera økologisk innan 2020. Og rogalandsbøndene er blant dei minst villige til å omstilla seg.