Hopp til innhold

Foreldregruppa har hyra inn advokat i skuleskysstriden

«Foreldregruppa som er mot endring av skulekrinsane Bore og Vasshus» har engasjert advokat for å, i første omgang, utsetja saka om å leggja om skulekrinsane i kommunen.

Turid Aasland Dahle i foreldregruppa i Klepp

FOLKEMØTE: Tysdag kveld var det folkemøte i kommunestyresalen i Klepp kommune. Turid Aasland Dahle var blant dei som heldt innlegg.

Foto: Håvard T Knutsen / NRK

– Me har brukt uendeleg mange timar på å lesa skulebruksplanar, handlingsplanar, årsrapportar, saksframlegg og slikt, har sendt store mengder epost og ikkje fått respons, ikkje fått ei konkret tilbakemelding på det forslaget me hadde til alternativ innsparing, anna enn ei setning der det stod at det ikkje var aktuelt, seier Turid Aasland Dahle i foreldregruppa.

– Er ikkje blitt høyrt

Dette er saka:
Kommunen foreslår å senda alle elevar i 1. og 2. klasse på Bore ned til Vasshus. Samstundes skal alle elevar på Vasshus som går på 3. til 7. trinn sendast til Bore.

Bekymringar om skyss, brannsikring og ein lang skuleveg har sett sinna i kok hjå fleire foreldre.

Tysdag kveld var det folkemøte i Klepp rådhus, og der var det fullt av uroa foreldre.

– Me føler at me ikkje har blitt, høyrt i saka seier Aasland Dahle.

– Kva vil de oppnå med å hyra ein advokat?

Turid Aasland Dahle

TURID AASLAND DAHLE: ... og dei andre i foreldregruppa gjer seg klar til vidare kamp.

Foto: Håvard T. Knutsen / NRK

– Me håpar at saka skal bli utsett, i første omgang, slik at det går an å bruka betre tid på å sjå på andre alternativ til innsparing. Me meiner at det er ikkje godt nok greia ut og det finst fleire feil i høyringsskrivet, seier ho.

Må spara 15,6 millionar

Klepp må spara 15,6 millionar kroner innan 2017, og meiner ein del av løysinga er å omorganisera både klassetrinn og administrasjon på Bore og Vasshus skule.

Kommunen kalla inn til møtet for å avkrefta ein del rykte og uvisse som har råda blant foreldra.

– Eg tykkjer det er bra at me får snakka opent om dette. Eg føler me fekk avkrefta litt rykte, men eg hadde meir konkrete spørsmål til det eg har lest som står svart på kvit, seier Aasland Dahle.

Fekk ståande applaus

Bjarte Bore

FEKK APPLAUS: Bjarte Bore er mest redd for at det vil gå utover ungane.

Foto: Håvard T. Knutsen / NRK

Bjarte Bore fekk ståande applaus for sitt innlegg på folkemøtet tysdag kveld. Bore er barnehagedrivar, og han var først og fremst uroa for to ting:

– Ungane og bygda. Eg er redd for at ungane blir den tapande parten. Eg ser kor travelt foreldra har det. Når dei får dette i tillegg – ungar på minst to skular – so skal dei henta, bringa og møta på forskjellige ting, seier han.

– Vil ikkje kutta lærarstillingar

Ordføraren seier både politikarane og administrasjonen fekk veldig mange epostar om denne saka.

– Det var også mange lesarinnlegg og plakatar rundt om i blant anna rundkøyringar. Eg tenkte at her er det mange misforståingar, og at det er behov for oppklaring, å stilla spørsmål og høyra svara i lag, slik at me veit me snakkar om det same, seier ordførar i Klepp, Ane Mari Braut Nese (H).

– Innstillinga som er ute er nettopp det veldig mange foreldre er i mot. Er det ikkje andre måtar å spara pengar på?

– Det skal vera mykje god hjelp rundt dei minste ungane slik at dei får med seg så mykje som mogleg av skuleløpet. Det har me ikkje lyst å røra, og me har ikkje lyst å kutta lærarstillingar. Her klarer me å kutta på ein slik måte at det ikkje går utover læringa til ungane, seier Braut Nese.

Den 6. februar skal deler av saka avgjerast i hovudutvalet.

– Skulekrinsgrensene, som er kjernen i det foreldra er uroa for, skal avgjerast i kommunestyret seinare, seier ho.

– Torer du å spå eit utfall?

– Nei.

Ane Mari Braut Nese

TORER IKKJE SPÅ UTFALLET: Ordførar Ane Mari Braut Nese.

Foto: Håvard T. Knutsen / NRK