Hopp til innhold

– Pensjonsstriden har hindra framdrift i forhandlingane

Dagen etter dei har vore inne på teppe hos arbeidsminister Hanne Bjurstrøm, skal partane i oljestreiken prøva og koma til ei løysning. Som vanleg er det pensjonsordninga som er stridsspørsmålet.

Oljearbeider

Fagforeiningane meiner at oljearbeidarane skal rett på tilleggspensjon etter fylte 62 år. Oljeindustriens landsforening meiner at dette ikkje er noko dei kan gjera noko med.

Foto: Kjetil Alsvik / Statoil

– Ministeren har oppfordra oss til å gå i mekling, dermed gir me det ein siste sjanse, seier forhandlingsleiar i Oljeindustriens landsforening (OLF), Jan Hodneland.

Laurdag skal dei møta fagforbunda Industri Energi, SAFE og Lederen til nok ein meklingsrunde, for å få slutt på streiken dei meiner har kosta 2,5 milliardar kroner så langt.

Framleis låste i stridsspørsmålet

Før partane møtes, er det likevel ikkje mykje som tilseier at det skal bli forsoning.

Framleis er begge sidene fastlåste i stridsspørsmålet om pensjonsordninga for dei tilsette.

– Det er framleis retten til tilleggspensjon etter 62 år, som står øvst på lista av kampsaker, seier forbundsleiar Leif Sande i Industri Energi.

OLF på andre side av forhandlingsbordet seier dei ikkje har endra syn i denne saka, men at dei likevel håper på ei løysning.

– Det blir å finna ei løysning der me greier å koma rundt dette pensjonskravet frå fagforeiningane, seier Gro Brækken, leiar i OLF.

Gro Brækken, Leif Sande

Det er steile frontar mellom leiar i OLF, Gro Brækken og Leif Sande i Industri Energi.

Foto: Kent Amar Eriksen / NRK

– Pensjonsstriden har hindra framdrift i forhandlingane

Carl Petter Martinsen skal mekla mellom partane. Han meiner fokuset på pensjonsspørsmålet har vore til hinder for å kome vidare i forhandlingane.

– Det er kort og godt fordi partane har vore grunnleggjande usamde i dette. Likevel har dei hatt eit hovudfokus på dette i forhandlingane, dermed har dei andre spørsmåla som meklinga reiser kome i bakgrunnen, seier Martinsen.

Fagforbunda SAFE, Industri Energi og Lederen tok måndag, for snart to veker sidan, ut 708 medlemmer ut av oljeproduksjonen i Nordsjøen. Streiken har vore på same nivå heilt sidan dette.

Dersom partane ikkje finn ei løysning innan laurdag kan det bli aktuelt med tvungen lønsnemnd. Dette sidan oljeindustrien har varskua ein «lockout», eller ei total nedstenging av oljeproduksjonen, fram til streiken er over.