Dette er klart etter eit møte hos arbeidsminister Hanne Bjurstrøm i kveld. Det har vore spekulert i om arbeidsministeren ville kunngjere tungen lønnsnemnd, men ho gir altså partane ein sjanse til for å kome fram til ei løysing.
Ho presiserer likevel at ho ikkje ar gitt partane nokon frist før det eventuelt blir aktuelt med tvungen lønnsnemnd.
Om ikkje partane blir samde i løpet av helga, vil Oljeindustriens Landsforening innføre lockout i Nordsjøen, noko som vil stanse all produksjon av olje og gass. Varselet om lockout var etter alt og dømme eit forsøk på å framprovosere tvungen lønnsnemnd.
Trussel om lønnsnemnd
Regjeringa har tidlegare gjort det klart at dette ikkje er akseptabelt. Men trusselen om tvungen lønnsnemnd heng tungt over partane, som har blitt samde om eit forhandlingsmøte etter lunsj laurdag.
Statsråden seier til NRK at ho på møtet i kveld gjorde det klart at partane har eit sjølvstendig ansvar for å kome fram til ein avtale, og at ho er glad for at det no blir nye forhandlingar.
Glade for nye forhandlingar
Administrerande direktør i Oljeindustriens Landsforening, Gro Brækken, seier til NRK at ho er glad for at det blir nye forhandlingar, fordi det er betre å kome fram til ein frivillig avtalen enn å bli påtvungen ei lønnsnemnd.
Også forbundsleiar Leif Sande i LO-forbundet Industri Energi seier seg nøgd med at det no blir nye forhandlingar.
LES OGSÅ:
Saka blir oppdatert