Hopp til innhold

Dei peika på Johny Vassbakk som drapsmann – dette seier dei no

Forfattar Bjørn Olav Jahr og privatetterforskar Grete Strømme har i fleire år sagt at 52-åringen kunne stå bak drapet på Birgitte Tengs. Slik reagerer dei etter dramatikken og dommen.

Bjørn Olav Jahr

Bjørn Olav Jahr følgde rettssaka i Haugaland og Sunnhordland tingrett. Då den tiltalte forklarte seg, sat han rett bak han.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB

– Dommen er einstemmig, då vart eg sikker. Eg har tenkt at det til dømes kunne vere to meddommarar som ville ha tenkt at det er noko tvil rundt DNA-beviset, seier Jahr som sjølv var til stades i Haugaland og Sunnhordland tingrett måndag.

Forsvararane til domfelte har varsla at dommen kjem til å bli anka. Den er difor ikkje rettskraftig.

Jahr peika på Vassbakk som ein mogleg gjerningsmann i boka «Hvem drepte Birgitte Tengs?» frå 2017 og den TV2-sende dokumentaren «Mannen som gikk fri».

Jahr oppsøkte også Vassbakk i samband med arbeidet med ein tidlegare dokumentar.

Då mannen vart sikta etter ein lengre tids skjult etterforsking og arrestasjon, var Jahr letta.

Under forklaringa si i Haugaland og Sunnhordland tingrett fortalde Vassbakk at han hadde mistenkt Jahr for innbrot heime hos han.

Dette innbrotet viste det seg at politiet stod bak – som ein del av den skjulte etterforskinga.

– Dommen var heilt som forventa. Eg har sagt at eg hadde vorte ekstremt overraska om det fekk eit anna utfall. Men det har skjedd merkelegare ting i norsk rett før, seier Jahr til NRK utanfor tingretten etter at dommen mot Vassbakk vart lesen opp.

Vassbakk kollapsa i retten

– At han kollapsa, var sterkt. Eg såg det ikkje. Hadde nasen i PC-en. Eg høyrer at han fell, og ser på veg ut av rettssalen at han ligg i stabilt sideleie. Klart det er dramatisk, seier Jahr.

Høyr krimkommentator Olav Rønneberg fortelje om då Johny Vassbakk fall om i retten.

Jahr har tidlegare framheva arbeidet til Grete Strømme, som tidleg mistenkte Vassbakk for å stå bak drapet.

Året etter drapet leverte ho eit 22 sider langt dokument om mannen ho på den tida rekna som ein klar moduskandidat.

Jahr kalla dokumentet for det beste politiarbeidet som nokon hadde gjort i saka.

Strømme jobba som sekretær på journalkontoret ved Haugesund politikammer på 90-talet. Seinare vart ho partshjelp for fetteren i fleire år, då han kjempa for oppreisning.

Eg har gjort meg mange tankar etter at dommen fall i dag. Mest tenker eg på at dette kunne ha komme for mange år sidan, seier Strømme.

Ho viser spesielt til den nyare etterforskinga av saka.

– Det må granskast kva politiet ikkje gjorde med til dømes DNA-ekstraktar.

Privatetterforsker Grete Strømme

Grete Strømme, sekretæren som vart etterforskar.

Foto: Privat

DNA-beviset nøkkelen

Før dommen kom, var Jahr spent på utfallet.

DNA-beviset til påtalemakta har heile tida vore nøkkelen. Hadde DNA-et til den tiltalte komme på strømpebuksa til Birgitte Tengs under drapshandlinga?

– Viss retten konkluderer med at DNA-et kom dit under drapshandlinga, vil den modusen han har frå tidlegare straffesaker spele ganske sterkt inn, sa Jahr.

Sjølv om det no har komme ein dom, er det siste ordet sannsynlegvis ikkje sagt.

Det er allereie sett av tid til ei ankesak i lagmannsretten seinare i 2023.

Birgitte Tengs ble funnet drept 6. mai 1995. En 52 år gammel mann fra Karmøy er nå tiltalt i Tengs-saken, og rettssaken begynner mandag 07. november 2022.

Birgitte Tengs vart funnen drepen 6. mai 1995. Ein 52 år gammal mann frå Karmøy vart tiltalt i Tengs-saka, og rettssaka byrja måndag 7. november 2022.