Hopp til innhold

Bustadprisane går litt opp – men i sør og sørvest aukar prisane mest

Bustadprisane gjekk ned med 0,3 prosent i juni, men korrigert for sesongvariasjonar steig dei. I Stavanger og Kristiansand går prisane meir opp enn i resten av landet. Der skal Dina (27) kjøpe seg bustad.

Dina Meyer

Dina Meyer (27) er på jakt etter bustad i eitt av områda bustadprisen auka mest i juni – Stavanger. Ho er usikker på om det blir dyrare viss ho ventar, og synest det er vanskeleg å vita kva ho bør gjere når.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

I Noreg samla gjekk bustadprisane ned med 0,3 prosent i juni, men korrigert for sesongvariasjonar steig dei med 0,3 prosent.

Det viser tal frå Eiendom Norge, som fører statistikk over bustadprisane kvar månad.

Så langt i år har dei stige 8,8 prosent.

I Stavanger og Kristiansand er biletet annleis enn i landet sett under eitt: I Stavanger gjekk bustadprisane opp 0,7 prosent og 0,8 prosent korrigert for sesongvariasjonar.

Dina Meyer

Dina Meyer.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Eigentleg ferdig med kollektiv

I den marknaden skal Dina Meyer (27) få seg ein eigen stad å bu.

– Nå bur eg med fire andre. Eg er eigentleg ferdig med kollektiv. Eg hadde tenkt at eg skulle få mitt eige før jul, men nå veit eg ikkje, seier ho.

Ho har akkurat fått fulltidsjobb, går på visningar og har fått beskjed av bankane kor mykje ho får låne.

– Eg las at marknaden har gått litt opp, men ein annan stad las eg at det kunne komme til å gå ned til hausten. Då begynner ein jo å tenke at ein kanskje burde vente, seier ho.

Benedicte Mæland, eiendomsmegler i PrivatMegleren Haferkamp & Partnere

Benedicte Mæland, eigedomsmeklar i Privatmegleren Haferkamp & Partnere, er ikkje overraska over statistikken for Stavanger-området.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Benedicte Mæland er eigedomsmeklar i Stavanger og held på med ein bodrunde då NRK er innom medan tala blir lagde fram.

Har hatt rimelege bustader

– Dette er ikkje overraskande. Den same tendensen har vi sett det siste året. Det er færre bustader for sal, men etterspurnaden er der, seier ho.

– Vi er ein av byane med sterkast vekst, legg ho til.

Henning Lauridsen i Eiendom Norge står i solskinnet foran en gressplen, en allé og en eldre bygård i Oslo.

Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Foto: Bård Nafstad / NRK

Også Kristiansand har ein sterk vekst. Korrigert for sesongvariasjonar auka prisane i byen ørlite meir enn i Stavanger, 0,9 prosent.

– Begge stader har ein hatt rimelege bustader. Så har arbeidsmarknaden kome veldig sterkt tilbake, og dette bidrar til å heve prisane. Det er befolkningsvekst igjen, seier Henning Lauridsen, administrerande direktør i Eiendom Norge.

Opp i Bergen, uendra i Trondheim

I Bergen var den ikkje-korrigerte nedgangen noko lågare enn elles i landet, 0,1 prosent. Og korrigert for sesongvariasjonar steig prisane 0,6 prosent.

I Trondheim gjekk bustadprisane 0,2 prosent ned, men er uendra når ein tar omsyn til sesongvariasjonar.

Les også Bolig: På tre år tjente NRK-journalisten 690.000 – uten å gjøre noe

Ole-Fredrik Lambertsen

Banken til Meyer i Stavanger har anbefalt henne å kvitte seg med bilen, og det skal ho. Ho har også spart, men veit ikkje om det er nok til at ho kan kjøpe det ho har lyst på.

– Ein vil jo gjerne inn på bustadmarknaden. Nå er eg 27 år. Eg vil heller betale ned på mitt eige lån enn å betale leie til andre. Dette er vanskeleg, seier ho.

I mai steig bustadprisane 1,2 prosent frå månaden før. På same tid i fjor, altså frå mai til juni 2021, sokk dei med 0,2 prosent, men steig justert for sesongvariasjonar.

Les også Sov ute for å sikre seg leilighet i bygd i Sandnes

Sov ute i kø for å kjøpe leilighet på Hommersåk