Etter at Norgesbuss overtok køyringa av dei grøne bussane på Nord-Jæren i fjor, så stilte dei hardare krav til norskkunnskapane hos dei utanlandske sjåførane.
- Les også:
Det har ført til at fleire sjåførar nå har mottatt oppseiingsbrev, fordi dei etter fleire forsøk ikkje har klart kravet til den såkalla B1-språktesten, som gir grunnleggjande norskkunnskapar.
Tar sakene til retten
Inge Vidar Lone, som leiar Rogaland Transportarbeideforening, protesterer på oppseiingsvarsla, som har kome frå Norgesbuss.
Inge Vidar Lone, leiar i Rogaland Transportarbeideforening, vil kjempa mot oppseiing av tre av sine medlemmar.
Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK– Det har ikkje vore nokon klager på dei tre sjåførane, seier han.
Lone viser også til at kollektivselskapet Kolumbus ikkje har gitt noko bot til driftsselskapet Norgesbuss, for manglande norskkunnskap hos sjåførane. Ut frå dette meiner ikkje Lone at det er grunnlag for oppseiing.
– Kjem dette til å enda i retten?
– Det ser slik ut. Sjåførane jobba tidlegare for eit anna ruteselskap, så dette handlar om verksemdovertaking. I den samanhengen er dette så viktig at me tar det så langt me kan, seier fagforeiningsleiaren.
Dårlegare nå enn før
Direktøren i det fylkeskommunale kollektivselskapet Kolumbus, Odd Aksland, vil ikkje gå i detalj i denne saka.
Direktør i Kolumbus, Odd Aksland, har det øvste ansvaret for bussdrifta på Nord-Jæren.
Foto: Johan Mihle Laugaland / NRKMen han seier at dei første utanlandske sjåførane som byrja å køyre buss på Nord-Jæren, blei veldig gode i norsk. Problemet oppstod då det kom mange fleire utlendingar til buss-selskapet.
- Les også:
– Då snakka dei sitt eige språk seg i mellom, og då opplevde me at norskkunnskapen byrja å gå attende, seier Aksland.
Fornøgde passasjerar
Busspassasjer Ali Tas meiner bussjåførane har blitt betre i norsk.
Foto: Johan Mihle Laugaland / NRKFor busspassasjerane i Stavanger er det viktig at sjåføren forstår kva dei seier. Passasjer Ali Tas pleier alltid å helsa på buss-sjåførane når han går om bord.
- Les også:
– Ja, det tykkjer eg er høfleg å gjera, og då får eg alltid svar tilbake, seier Tas.
Han får støtte av ein annan busspassasjer, Håkon Vervik, som nettopp snakket med ein utanlandsk sjåfør på bussen han tok til Stavanger sentrum.
– Slik det var nå, så var det godt norsk. Eg merka det meir før at dei ikkje forstod så mykje når me stilte spørsmål, seier Vervik.