Hopp til innhold

Bompengeaksjonist: – Uhøfleg å avbryte bystyremøtet

Mannen som gjekk på talarstolen i bystyret i Stavanger, vedtar bota på 25.000 kroner. Men han får hjelp til å betale, lovar aksjonsleiaren.

Bomaksjonist i bystyret i Stavanger

Rundt 50 bompengemotstandarar gjekk inn i Stavanger bystyre måndag 29. oktober. Ein av dei gjekk opp på talarstolen, og gjekk ikkje ned trass i fleire oppmodingar frå ordføraren.

Det var Rogalands Avis som først omtalte saka. Laurdag blei det kjent at Jan Ove Sikveland, som tidlegare denne veka fekk bot for det som skjedde i bystyret i Stavanger, vedtar bota.

Sikveland må betale 25.000 kroner for å ha nekta å gå ned frå talarstolen då han og fleire bomaksjonistar demonstrerte inne i bystyresalen i Stavanger måndag 29. oktober.

Politiet starta etterforsking, og måndag denne veka konkluderte dei: Sikveland får bot, og bota blir på 25.000 kroner.

For stor merksemd

Laurdag skriv Sikveland til NRK at episoden var uhøfleg.

– Eg skal innrømme at det var uhøfleg å avbryte bystyret, og ein kan også diskutere om det var rett eller gale. Det blei tatt ei avgjersle der og da. Eg trur ikkje det var mange av oss som visste at dette ville få den merksemda det har fått, skriv Sikveland, som òg meiner merksemda har vore for stor.

Ifølge Sikveland har han diskutert saka med advokat. Han landar på å betale for å kunne fokusere meir på bomsaka.

– Den trur eg trass alt er det viktigaste nå, skriv han.

Forsoning på fredag

Fredag møttest politiet og representantar frå bomaksjonistane. Ein av dei var Sigurd Sjursen, mannen bak Facebook-gruppa mot bomringen. Han er sikker på at Sikveland ikkje treng å betale bota åleine.

Samarbeidsmøte mellom bomaksjonister og politi

Fredag bad politiet om å få 14 dagars varsel neste gong bomaksjonistane vil demonstrere. Det har aksjonistane nå lova politiet.

Foto: Kaj Hjertenes / NRK

– Det har vore stor givarglede sjølv om vi ikkje har begynt å organisere noko endå. Eg trur det vil gå kjapt å samle inn til denne bota, sa til NRK fredag.

Politimeister Hans Vik bad fredag aksjonistane om å få varsel 14 dagar før neste demonstrasjon. Det har gruppa sagt ja til, ifølgje Sjursen.

– Desse og alle andre som ønsker å demonstrere har rett til det. Det er ytringsfridom i dette landet. Vi skal beskytte dei som vil demonstrere, og dei som er rundt, sa Vik til NRK etter møtet.