Hopp til innhold

Bedrifter fryktar konkurs utan straumstønad

Bedrifter krev straumstønad på lik linje med private hushaldningar. Interesseorganisasjon fryktar konkursras dersom det ikkje skjer.

Tore Bakken

Tore Bakken ved vaskeriet på Jørpeland har skyhøge energiutgifter om dagen. Frå før er bedrifta hardt råka av pandemien.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Dersom dette held fram, med så mykje reduserte inntekter og ditto høge kostnadar, går det berre ein veg. Det er «åt skogen», seier Tore Bakken.

Bakken er avdelingsleiar ved Breeze Sørvest, eit vaskeri med 26 faste tilsette på Jørpeland i Ryfylke.

Mange energikrevjande maskinar er i sving for å vaska tøy, i hovudsak til hotell i Sør-Noreg. Det gir skyhøge kostnadar med rekordhøge energiprisar.

Dei siste månadane har straumrekningane inkludert nettleige, kome opp mot 90.000 kroner. I tillegg til utgifter for gass.

– Energiprisane har eksplodert. På elektrisitet har dei femdobla seg og på gass har dei dobla seg på eitt år. Då slit me med å halda hjula i gang, seier Bakken.

Frå før er Ryfylke-bedrifta hardt råka av pandemien som gir mindre hotellbelegg. Drifta er i dag berre ein tredjedel av det normale.

Vaskeriet på Jørpeland

Lønnsstøtteordninga gjer at ein unngår permitteringar på vaskeriet på Jørpeland i januar. Men låg aktivitet og skyhøge energiprisar gjer at dei fryktar konkurs om det ikkje kjem støtteordningar frå staten.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Krev lik stønad som hushaldningane

Vaskerisjefen krev nå straumstønad frå regjeringa.

– Me ønsker ei ordning slik det er innført for private hushaldningar.

Den nye straumpakka regjeringa la fram på nyåret gjeld nemleg ikkje for bedrifter. Det er for private hushaldningar staten tar 80 prosent av kostnadane når straumprisen er over 70 øre per kilowattime.

Ordninga gjeld for januar, februar og mars.

Joachim Dagenborg

Kommunikasjonssjef i SMB, Joachim Dagenborg.

Foto: Susanne A. Finnes / SMB Norge

Interesseorganisasjonen for små og mellomstore bedrifter, SMB Noreg, har lenge jobba for å få næringslivet inkludert i straumpakka.

– Dette tok me opp med regjeringa alt i desember. Det er eit stort behov for å dekka ein del av straumrekningane for bedriftene, spesielt for små og mellomstore bedrifter, seier kommunikasjonssjef i SMB, Joachim Dagenborg.

Mange bedrifter er frå før sterkt råka av tiltaka som følgje av koronapandemien. SMB peikar også på at renta er på veg oppover.

– Dette er ein potensielt stor smell for norsk næringsliv.

– Fryktar de konkursras dersom det ikkje kjem nye tiltak?

– Det er heilt klart at auken i straumutgiftene kan føra til konkursar i utsette bransjar, meiner Dagenborg.

Ingen løfter frå regjeringa

Regjeringa svarer ikkje konkret på om straumstønad for næringslivet er aktuelt å innføra.

Jan Christian Vestre, næringsminister (Ap).

Næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Ekstraordinære forhold har ført til uvanleg høge straumprisar i år. Det har vore stor skilnad i pris mellom landsdelane. Regjeringa har forståing for at dette er krevjande både for privatpersonar og næringslivet, og me følgjer situasjonen fortløpande, seier næringsminister Jan Christian Vestre (Ap).

Statsråden er opptatt av å hjelpa hushaldningar og næringsliv med at det er nok kraft i åra som kjem.

Då må me ha ein plan og ein vilje til å bygga ut meir kraft på ein måte som tar omsyn til både natur og miljø. Me må legga opp til energieffektivisering og sparing, seier Vestre.

Frp: Vil ha makspris på straum

Framstegspartiet har tidlegare kritisert straumpakka til regjeringa og sagt at industri og næringsliv er nedprioritert.

I Stortinget har dei fremja forslag om maksimalpris på elektrisk straum.

Den meiner dei bør ligga på 50 øre per kilowattime. Tidlegare har dei føreslått fjerning av elavgift og moms.

– Straumprisane er mangedobla og det er katastrofe for små og mellomstore bedrifter. I tillegg kan me vinka farvel til alt av kraftkrevjande industri. Ingen av dei vil vera i Noreg med prisnivået som er nå, seier medlem av energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Marius Arion Nilsen (Frp).

NHO har medlemsbedrifter som både produserer og kjøper kraft. Ifølge dei er det viktig å tenka både på den akutte situasjonen, men også langsiktig.

Det er tid for å sjå på både auka nettkapasitet og fornybar produksjon som havvind. I tillegg til energieffektiviserande tiltak og støtteordningar for det, seier regiondirektør i Rogaland, Tone Grindland.