– Målet er å løfta fram samtalen rundt fysiske funksjonshemningar ved å inkludera dei inn i dokkesamlinga vår, opplyser selskapet Mattel, som står bak Barbie.
Barbie fyller i år 60 år. Og sidan 1959 har dei selt over 100 millionar barbiedokker i ulike variasjonar. Dei siste åra har Mattel fått sterk kritikk for å laga dokker som har dårleg påverknad på barn og unge.
No svarar dei på tilbakemeldingane. I juni kjem det dokker med fleire ulike kroppsfasongar og funksjonshemningar.
Mellom anna kjem det ein kolleksjon med dokker som har både rullestol og protesar.
Det kjem også barbiedokker i ulike fargar, hårtypar og kroppsfasongar.
Foto: Barbiemedia.com– Dette er positivt
Ein organisasjon som vart glad då nyheita kom, var Unge Funksjonshemmede. Dei jobbar for deltaking og samfunnsmessig likestilling for unge mellom 12 og 36 år med funksjonshemningar.
– Barbiedokker endrar ikkje samfunnet åleine. Men dokkene kan vere med å ufarleggjere rullestolen og protesane, seier prosjektleiar for seksuell og psykisk helse i Unge funksjonshemma, Anette Remme.
– Unge med funksjonshemmingar er viktige ressursar i samfunnet, og å normalisere og synleggjere at funksjonshemma kan gjere dei same tinga som andre, er viktig – både for vaksne og born, seier Anette Remme.
Foto: Unge funksjonshemmedeHo forklarar at mange barn og unge med funksjonshemmingar etterlyser å sjå menneske med funksjonshemmingar i media og andre stader, og vil nok vere glade for å kunne kjenne seg att, også i dokkene.
Prosjektleiaren trur også barn kan læra noko av dette.
– For samfunnet kan det også vere positivt, ved at born lærer om det mangfaldet av kroppar og funksjonar som finst i samfunnet.
– På tide
TV-profil Veronica Simonè Fjeld tar ofte eit oppgjer med kroppspresset som unge blir utsett for via sosiale medium. Ho har nærare to millionar visingar på Snapchat-historiene ho delar på ein månad.
Under namnet yummumummy på Snapchat har Veronica Simonè Fjeld tusenvis av følgarar. Dagleg delar ho ærlege og uretusjerte innlegg.
Foto: Ørjan Hennes– Mangfald er eit stikkord for alt eg forsøker å kommunisere i sosiale medium. Så eg er eitt hundre prosent positiv til at Mattel følger med i timen og lager dokker som speglar samfunnet betre.
Fjeld meiner at selskapet også bør laga dokker med mindre makeup og eit enda tydelegare mangfald i både etnisitet og kroppsfasong.
Produsenten bak Barbie har fått mykje kritikk for å laga for «perfekte» dokker.
– Eg har eit slagord for meg sjølv; «for kvart retusjert bilete i media, burde me publisert eit som ikkje er retusjert.» Det same gjeld for utvalet i leikekassen; for kvar Barbie i tradisjonell form, burde det vera ei dokke eller leike i motsett ende av rosa-skalaen.
På den måten trur 37-åringen at ein kan presentera eit mangfald for barna, som ubevisst påverkar barn i ein god retning.
– Det aller viktigaste er likevel gode rollemodellar.
- SE DOKUMENTAR: Barbie – feminist eller sexsymbol?