Hopp til innhold

Vil skape eit godt lokalsamfunn – møtest på skolen etter stengetid

Fritidstilbodet i Sande er populært. Opptil 150 barn, tenåringar og foreldre møtest på skolen to kveldar i veka for å leike, skravle og sjå film.

Adelin Østgaard og Olivia Antoniussen

SAMLAST: Venninnene Adelin og Olivia synest det er fint å ha ein stad og samlast med venner på kveldstid.

Foto: Philip Hofgaard

Adelin Østgaard og Olivia Antoniusen turnar på graset utanfor Klokkerjordet skole i Sande.

Her er dei saman med rundt 70 andre barn og tenåringar etter skoletid på måndagar og tysdagar.

Hadde dei ikkje slått hjul på graset, spelt fotball eller berre «henge» i gangane, ville dei truleg lege heime i senga og skrolla på mobilen.

– Men det er trivelegare å vere her, forsikrar Adelin.

Og det hadde ikkje vore mogleg utan prosjektleiar for VIL-prosjektet, Knut Anders Berg i FAU ved Klokkerjordet skole.

Knut Anders Berg

ENGASJERT: Prosjektleiar Knut Anders Berg håpar tilbodet kan fortsette også neste år.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Han såg eit behov for å gi barna i lokalsamfunnet ein stad å vere, og tenker spesielt på dei barna som ikkje driv med organisert idrett, eller som har det røffare enn andre.

Målet er å skape ein varm møteplass der barn og vaksne saman skaper eit godt lokalsamfunn.

Vaksenengasjement i lokalsamfunnet

Knut plasserer seg midt i den nye skolegarden. Det var da han stod klar i fjor, at ideen kom:

«Korleis kan vi sørge for at dette blir ein bra stad for barna å vere også om kvelden?» spurde han seg.

Han er sjølv pappa til to elevar på skolen og sit i FAU.

Med hjelp frå nettopp FAU, andre foreldre, sponsorar og nabobutikken som gir vekk frukt og grønt, kan Knut tilby barna i nærmiljøet ein stad å vere etter skolen.

– Vi har sett at også barna frå dei andre barneskulane kjem hit. Det er hyggeleg, for da blir det lettare for dei når dei skal starte her i åttande klasse, seier Knut.

Og barna, dei er fornøgde med å få spele Air Hockey, bordtennis, fotball, brettspel eller å sjå på film.

Les også Ikke alle gjør som Eirik (5) og Ottar (5): Leker timevis i minusgrader hver dag

Ottar (5) og Eirik (5) går i gårdsbarnehage i Løten

Får seg nye venner

Ja, for det er ikkje berre skolegarden som yrer av liv. Inne i sjølve skolebygget speler for eksempel Lily Grycz Air Hockey med far sin som er frivillig.

– Det er ganske gøy å vere her, synest ho.

Og grunnen til det er blant anna at:

– Det er fint å få venner. Viss vi speler fotball og nokre andre blir med, kan ein bli venner, så det er jo ganske lett da, forklarer ho.

Lilly Grycz

POPULÆRT: Lily synest det er ekstra gøy at det alltid er mange barn her.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Barn i alle aldrar leikar saman, og dei tøffaste vaksne blir også gjerne med.

Det trur Hilde Dehnæs Hogsnes, førsteamanuensis i pedagogikk ved Universitetet i Søraust-Noreg, er verdifullt.

Når store og små er saman, kan dei nemleg lære av kvarandre, noko dei sjeldan får til i skoletida når trinna er delte.

Hilde Dehnæs Hogsnes

FELLESSKAP: Hilde Dehnæs Hogsnes trur dette tiltaket gjer at fleire barn kjenner at dei høyrer til ein stad.

Foto: Privat

Eit inkluderande tiltak

Hogsnes synest først og fremst tiltaket høyrest inkluderande ut.

Dernest trur ho det er godt for elevane å ha ein stad som legg til rett for fri leik.

– Det er mykje læring i den leiken barna styrer sjølv. Dei har også ein eigen motivasjon når det er eigne interesser som styrer korleis leiken skal utfalde seg, forklarer Hogsnes.

Det skal gjelde same kor gammalt barnet er, men type leik forandrar seg med alderen.

Adelin og Olivia skal vere her eit par timar i dag.

Planen er eigentleg berre å vere saman, skravle litt og finne på noko gøy.

Prosjektleiar Knut håpar foreldre fortset å engasjere seg, slik at tilbodet kan fortsette minst to gonger i veka neste år òg.

Hei!

Takk for at du leste saken min!

Har du tanker om saken du har lest eller innspill til nye saker? Send meg gjerne en e-post!