– Det har eg aldri høyrt før at nokon har vore med for lenge i ein nominasjonskomité og derfor ikkje er aktuell som valbar kandidat, seier Anne Lise Torske, regionkontorleiar i Handel og kontor i LO i Rogaland.
Det har vore kjøleg mellom delar av LO i Rogaland og fylkespartiet til Ap, etter at LO sin kandidat, Øystein Hansen, ikkje fekk plass på nominasjonslista til stortinget.
- Les også:
Anne Lise Torske, regionkontorleiar i Handel og kontor i LO i Rogaland, går i striden for LO-sekretæren sin.
Foto: Ingvald Nordmark / NRK– Eg trudde me hadde eit samarbeid, og eg trudde at Ap såg kor viktig det var å ha ein sentral tillitsvald på ei lista. Det er stor arbeidsløyse, og me har behov for folk som kan snakka arbeidstakaren si sak i tida framover, seier Torske.
Ingen ting med LO å gjera
Leiar i nominasjonskomitéen i Rogaland Arbeidarparti, Ragnhild Bjerkvik, har eit heilt anna syn på kva som har skjedd.
Ragnhild Bjerkvik frå Haugesund leiar nominasjonskomitéen til Ap i Rogaland.
Foto: Rosa Iren Villalobos / NRK–Det har eine og åleine årsak i at Øystein Hansen har vore svært delaktig i det som har skjedd i nominasjonskomiteen, og blei lansert inn som kandidat svært seint i prosessen, seier Bjerkvik.
Ho meiner at Hansen då alt hadde vore med på å vurdera mange andre kandidatar. Det betyr mellom anna både å seie kven han ville ha med på lista og kven han ikkje ville ha med.
– På det grunnlaget fann nominasjonskomiteen det veldig vanskeleg å ha Øystein Hansen som kandidat på lista, seier Bjerkvik.
OK med Laursen
Folk i LO viser på si side til kva som skjedde med nåverande leiar i Stavanger Ap, Jone Laursen, for to år sidan. Han var først medlem i nominasjonskomitéen, deretter blei han foreslått som kandidat. Det sa han ja til og trekte seg frå nominasjonskomitéen, og ved valet kom han inn i bystyret.
Jone Laursen fekk lov til å gå frå nominasjonskomitéen til kandidatplass føre kommunevalet i 2015.
Foto: Ole Andreas Bø / NRK- Les også:
Det ekstra pikante er at han sit i nominasjonskomitéen til Rogaland Arbeidarparti, og altså har vore med på vedtaket om at Øystein Hansen ikkje kunne bli kandidat.
Sjølv vil ikkje Laursen kommentera si rolle i komitéen, men seier han berre var med på eitt møte, før han trekte seg. Øystein Hansen seier at han var med på tre møter.
Kampvotering blir resultatet
Anne Lise Torske, regionkontorleiar i Handel og kontor i LO i Rogaland, varslar nå at det blir kampvotering på nominasjonsmøtet i Rogaland Ap i slutten på november.
– Eg håper og trur at nominasjonsmøtet i Ap forstår den viktige rolla me i LO har, og at Øystein Hansen då får fjerdeplassen på lista, seier Torske.
- Les også:
Det betyr i tilfelle at det blir LO mot ein advokat frå Ålgård. For den som har fjerdeplassen etter innstillinga frå nominasjonskomitén, er Tom Kalsås frå Gjesdal.