Hopp til innhold

Jone Laursen skal leie Stavanger Arbeiderparti

Jone Laursen blei i dag vald til leiar av Stavanger Arbeidarparti. Nestleiar blir Sahfana Mubarak Ali.

Jone Lauren ble ny leder i Ap

Jone Laursen blei vald til ny leiar av Stavanger Arbeiderparti ved årsmøtet i dag.

Stavanger Arbeidarparti sitt årsmøte er i gang på Folkets hus i Stavanger.

– Eg ser fram til eit kjempesamarbeid med Sahfana. Eg trudde aldri eg skulle stå her i dag, seier den nyvalde leiaren av Stavanger Ap frå talarstolen.

Sahfana Mubarak Ali, nestleder i Stavanger Ap

Sahfana Mubarak Ali blei vald til nestleiar i Stavanger Arbeidarparti.

Foto: Erik Sergio Auklend / NRK

Takkar Bjelland

Han lover mykje hardt arbeid, men håper det blir morosamt også. Til slutt takkar han og rosar den tidlegare leiaren.

– Takk, Cecilie, for at du overleverer eit parti som går på skjener. Ryddejenta og lagbyggjaren er det fyste som slår meg med deg. Eg sett utruleg pris på venskapen vårt, seier Laursen.

Det var på onsdag Aftenbladet kunne melda at Bjelland ikkje kom til å still til nytt val etter tre år som leiar for Stavanger Arbeidarparti. Ei tid som har vore prega av store konfliktar, noko som ifølgje Bjelland nå har snudd.

– Ei heksejakt

Frå talarstolen gjekk ho knallhardt ut pressa si dekking av internstriden.

Bjellands kritikk av pressen

I sin tale ved årsmøtet i dag, gikk Bjelland knallhardt ut mot pressa.

– Det har vore ei heksejakt, demotiverande og til å bli sjuk av. Det er så mykje personfokus at politikarar ikkje kjem til å tora å stå fram i framtida, sa ho.

– Eg har hatt nokon rundar med fleire redaktørar lokalpressa, og sagt til dei at det ikkje er deira forteneste at eg står på beina i dag. Det har vore knalltøft, men no er eg sikker på at partiet er i gode hender, seier Bjelland til NRK i dag.

Ho meiner at lokalpressa og posisjonspartia har inngått i ein symbiose. Ingen har tort å meina noko mot fleirtalet.

Likevel meiner ho at det går mykje betre i Ap nå.

– Det går veldig godt for Stavanger Arbeidarparti nå, så då meiner eg det er viktig å ta eitt steg til sida og sleppa andre til. Me har så mange flinke folk, at det å spreia oppgåvene på fleire er det beste eg kan gjera akkurat nå, seier Bjelland til NRK.

Ho har likevel ikkje tenkt å slutta i politikken.

Jone Laursen

Det var spenning i lokalet før valet av ny leiar i Stavanger Arbeiderparti i dag.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

– Oppgåva mi å samarbeida godt

– Eg vil vera klar og tydeleg som leiar for bystyregruppa i Stavanger.

Det er Jone Laursen som er innstilt som ny leiar, men ei gruppering i Ap har uttalt at dei vil ha ein motkandidat. Denne motkandidaten skal etter det NRK kjenner til ha trekt seg, men Bjelland seier likevel at ho er spend før valet.

– Dette er opp til medlemmane å velja leiar, det er derfor me har eit medlemsmøte. Uansett kven det blir så er det min jobb som leiar i bystyregruppa å samarbeida godt med det nye styret i Stavanger Ap, seier ho.

Trond Giske

Trond Giske var gjestetalar under årsmøtet til Stavanger Ap som starta i dag.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK