Hopp til innhold

Frykter arbeidsløyse fører til meir rusproblem

Rusekspertar er urolege for at auka arbeidsløyse, som følge av oljekrisa, kan føra til ei bølge av pasientar med rusproblem om to til tre år. Forsking og bransjefolk stiller seg bak bekymringa.

Hilde-Marit Rysst

FAGFOREININGSLEIAR: Hilde-Marit Rysst er leiar i Fagforeininga Safe, og seier at nokre av dei som mister jobben slit psykisk.

– Auka arbeidsløyse set dei i ein situasjon der alkohol og andre rusmiddel blir brukt på ein måte som kan gi skadelege konsekvensar. Både for dei det gjeld og for folka rundt dei, seier psykologspesialist, Tor Borge, på Rogaland A-senter som er eit behandlings- og kompetansesenter for rusproblem.

Han er uroleg for at oljekrisa vil føra til at det framover vil vera fleire folk som vil søka hjelp hos dei.

– Det er all grunn til å tru at det allereie finst mange som sit heime, og som eigentleg veit at dei bør søka hjelp, men som synst det er vanskeleg, seier Borge.

– Nokre får alvorlege depresjonar

Også representantar frå dei største fagforeiningane innan oljesektoren er bekymra.

– Nordsjøturnusen med fire veker av og to veker på gjer jo at me kanskje har eit litt annleis forhold til alkohol frå før av, seier Rysst.

Ho seier at dei ønsker å følgja opp medlemmane sine som har mista jobben så godt som råd.

– Me er veldig klar over at ein får store utfordringar når ein blir ledig, mange får også alvorlege depresjonar. Då kan vegen til rus vera veldig kort, seier Hilde-Marit Rysst.

Ein samlestudie av publisert forsking på forholdet mellom arbeidsløyse og rus frå 1990 og 2010 viser klar samanheng mellom arbeidsløyse og rusmisbruk. Tal frå svensk forsking viser at arbeidstakarar som blir offer for nedbemanning kan ha opp til 40 prosent høgare risiko for å bli råka av alkoholrelaterte sjukdommar.

Øystein Langholm Hansen

Øystein Hansen er LO-sekretær i Rogaland. Han var leiar i grafisk fagforeining, då denne bransjen krasja på slutten av 80-talet. Han håper ikkje at han vil sjå det same nå som den gong.

Foto: Odd Rune Kyllingstad

– Lediggang er rota til alt vondt

– Det finst mange gode ordtak her i verda, eit av dei er at lediggang er rota til alt vondt, og det trur eg at det er veldig mykje sant i. Det er jo slik når ein har ferie at ein tek eit glas dan og van. Plutseleg så har ein ferie heile vegen, seier LO sekretær i Rogaland Øystein Hansen, som har opplevd problemet på nært hold.

Han var nemleg leiar i grafisk fagforeining, då denne bransjen krasja på slutten av 80-talet, og ser med bekymring på parallellane til det som skjer i oljebransjen.,

– Det var jappekultur, høg festfaktor og ei omstilling som plutseleg kom. Me såg at fleire av dei som gjekk arbeidsledige fekk store problem etter kvart. Ikkje berre med alkohol, men også med andre rusmiddel.