Hopp til innhold

«Hvis alle bare var som jeg»

Koronaens tid har vist menneskeleg omsorg på sitt beste. Men varmen blir utfordra av tante Sofies iskalde peikefinger.

Hyttehets

Det koselege ordet «hytte» har fått ein litt annan klang.

Foto: Geir Olsen, NTB SCANPIX / Skjermdump

Jakta på kven som har skulda er i gang.

Både på internett, i jungeltelegrafen og på gata søker folk etter forklaringar i ein forvirrande og kaotisk situasjon.

Viruset har blitt vår nye felles fiende. Men denne fienden er vanskeleg å få i skotlinja, sikte på og skyte.

Så i staden for blir asiatar ropt etter, hyttefolk hetsa og rykta går om kven som drog smitten til bygda.

Politiet får hundrevis av tips om karantenebrot og folk som oppheld seg ulovleg på hytta.

Kommentarfelt under hyttedebatt

Slik reagerte (deler av) kommentarfeltet under ei sak om hytteforbodet.

Foto: Skjermdump, Facebook

Dette skjer samtidig som einsame får ringevenner, tusenvis vil bidra og folk viser si beste side.

Men summen av det ufine malar eit dystert bilete.

I jakta på syndebukkar, kan fellesskapet bli skada av skota?

Då koronaen kom til bygda

Berre til denne saka har tre personar trekt seg og historiene sine.

Dei har vore sjuke. No fryktar dei å bli stempla, skulda, stigmatiserte.

To har snakka ut tidlegare, men har blitt overmanna av trykket som kom etterpå. Dei har fått beskjed om alt dei gjorde feil og alle dei kunne ha smitta. Dei var egoistiske og usolidariske, sa folk.

Den siste vil ikkje risikere fjeset sitt på internett i korona-samanheng.

Journalistar opplever det vanskelegare enn vanleg å få folk til å snakke, i saker som har med korona å gjere.

Laster Giphy-innhold

Men sjølv utan å stå fram i media, kan du få folket imot deg.

For viss du bur på ein liten plass, er du synleg.

Viss du bur på ein liten plass, og er den første korona-smitta, står du midt i kikkertsiktet.

Ein gjeng kollegaer hadde vore på tur til skiskyttar-VM i Anterselva i Italia. Då dei kom heim til Lurøy i Nordland, blei fleire sjuke med influensasymptom.

Medan kommuneoverlegen sette ti personar i karantene, og fleire blei testa, byrja rykta å gå.

Kvarøy fiskeoppdrett

Det blei nærmast ei heksejakt på tilsette ved Kvarøy fiskeoppdrett. Arkivfoto frå anlegget i 2019.

Foto: Lars-Bjørn Martinsen / NRK

– Ein såg nærmast ei heksejakt for å finne ut kven det var. Og kor dei heldt til. For å gi beskjed om at dei ikkje skulle fått reist heim frå Italia, sa Alf-Gøran Knutsen til NRK.

Han er dagleg leiar i Kvarøy Fiskeoppdrett AS, firmaet som drog på skiferie.

Debatten i sosiale medium i etterkant hadde han ikkje noko til overs for.

– Folk blir nærmast uglesett. Eg skjønar at folk er uroa for smitte. Men me har gjort det me kan for å opptre riktig, sa han i starten av mars.

Å rette ord-hagla mot enkeltpersonar eller grupper har ikkje Røde Kors noko til overs for.

Røde kors

Bernt Apeland i Røde Kors er uroa for at hetsen legg stein til byrden.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Ingen skal få den ekstra byrda med skuld i ein slik situasjon. Det er viktig å jobbe imot dette – for på sikt kan det skape djupe skiljelinjer, seier generalsekretær Bernt Apeland.

Han og organisasjonen har laga nokre koronavett-reglar, som me kjem tilbake til.

Men først til reglane frå dei som styrer Noreg.

Hets i det godes namn

Å bremse utbrotet krev ein felles dugnadsinnsats. Dei strenge tiltaka hjelper oss på veg.

Drar du på hytta, for eksempel, kan du hamne i fengsel eller få bot på 15.000 kroner.

Sjølv om til og med Noregs Lovar har blitt oppdaterte, har ein sjølvoppnemnt folkedomstol kome på plass.

Kommentarfeltet i koronatid

Trår ein feil, blir ein passa på. Den kollektive dugnadsånda har fått fleire språk.

Foto: Skjermdump, Facebook

For det å stille spørsmål ved tiltaka i desse dagar, er som å be om å bli idiotforklart, ifølgje kommentator Eva Grinde.

I ein kommentar i Dagens Næringsliv gjekk ho ut mot dei som hakkar og kjeftar.

Når det selvrettferdige samfunnsansvaret svulmer som mest i brystet, renner munnen over med ikke fullt så sosialt begavede utbrudd

Eva Grinde, kommentar i DN
Eva Grinde

DN-kommentator Eva Grinde såg at «det godes vreide» breia om seg. Då sa ho ifrå.

Foto: Dagens Næringsliv

– Viss ein har tatt det rette og ansvarlege standpunktet, så får ein plutseleg «fribillett» til å dra fram sine mindre sjarmerande sider, seier Grinde.

– Då finst det liksom grupper det verkeleg er lov å hamre laus på. Dei som ikkje har sett lyset og forstått kva ein må gjere.

Kommentatoren samanliknar denne hetsen med å rase inni bilen på ein dårleg dag.

Laster Giphy-innhold

Men no tar ikkje berre nettroll, men også aviskommentatorar og toppsjefar, til seg eit slikt språk, meiner ho.

– Viss du har den riktige samfunnsforståinga, så er det liksom greitt å kalle andre for egoistar og idiotar og tullingar. Det er ikkje måte på.

Når Grinde legg godviljen til, forstår ho at det blir slik. Me er alle redde og på tuppa for tida.

På grunn av usikkerheita blir dei rette haldningane ekstra viktige å klamre seg til.

Hyttehets
Foto: Skjermdump / Facebook

Men me går kanskje glipp av synspunkt og debattar viss all kritikk blir slått ned med «idiot», meiner Eva Grinde.

– Det får så lett ei vriding: «Stakkars alle rikingane som ikkje får dra til palasset på Hafjell».

– Nei, det er kanskje ikkje den gruppa det er mest synd på. Men Noreg har over ein halv million fritidsbustader. Den vesle koia utan straum og vatn betyr også mykje for folk.

Hyttehets

Hyttefolket har ein litt annan status i desse dagar.

Foto: Halvard Alvik, NTB scanpix / Skjermdump

Tor-Erik Moen har også møtt folkejussen. Han er erfaren i fjellet, og ville så gjerne på topptur i Ørsta, trass i at Hovedredningssentralen og sjukehus har oppmoda folk til å halde seg vekke.

Moen vurderte forholda som trygge, og la i veg.

Då han la ut det eit bilete av naturen på Facebook etterpå, var det ikkje landskapet folk reagerte på.

Topptur

Førerapporten blei møtt med skepsis då Tor-Erik Moen la den ut i Facebookgruppa Toppturer i Nordvest.

Foto: Skjermdump, Facebook

– Eg fekk høyre at eg var ein egoist, at eg måtte skjerpe meg. At eg måtte lytte til myndigheitene og Røde Kors, seier Moen.

– Kvifor gjer du ikkje det?

Eg går turar med liten risiko, svarer han.

Laster Giphy-innhold

Enkelte gøymer seg i bilane i frykt for å bli sett på tur. Moen håpar ikkje tonen i debatten hindrar folk i å gå ut.

– Me blir oppmoda til å gå på tur. Det må vere opp til deg korleis du best disponerer den tida, sa han tidlegare i veka.

«Å huffameg, jeg er så sint så fy»

– Me må passe på at me ikkje blir for mykje tante Sofie.

Referansen til den strengaste dama i Kardemomme by kjem frå statsminister Erna Solberg.

Under ein pressekonferanse om at tiltaka mot viruset varar til over påske bad ho folk unngå peikefingeren:

Tidleg i korona-utbrotet her til lands, laga Røde Kors nokre koronavett-reglar.

Punkt seks lyd til slutt:

  • (...) Viruset kan ramme alle. Du må ikkje bidra til at frykt for viruset fører til stigmatisering av enkeltmenneske eller grupper.

Men mykje tyder på at dette skjer likevel.

«Det kinesiske viruset»

– Historia er dessverre full av eksempel på dette. Når det kjem epidemiar og katastrofar, leiter folk ofte etter syndebukkar, seier generalsekretær Bernt Apeland i Røde Kors.

Dei har blitt varsla om at personar med asiatisk opphav har fått kommentarar slengt etter seg i korona-samanheng.

– Dette skjer heilt nedi barnegrupper. Det skapar uro og enno fleire utfordringar i ei tid som allereie er vanskeleg, seier Apeland.

Sondre Lervik og Trond Olsen

På skitur med folkehøgskulen møtte Sondre hets og sjikane.

Foto: Vetle Erlandssønn Wiencke / Privat

Sondre Lervik fekk kjenne dette på kroppen. Då 21-åringen var på skuletur i Austerrike, ropte folk «korona, korona» etter han frå skiheisen.

– Folk peiker, sender rare blikk og flytter seg vekk frå meg. Då eg sat i ein gondol, tok ein tysk mann bilete av meg, viste til kompisen sin, peikte og snakka om koronaviruset, fortalde Lervik til NRK.

I Frankrike tok personar med asiatisk opphav til orde etter liknande opplevingar.

Laster Twitter-innhold

Med emneknaggen #JeNeSuisPasUnVirus (eg er ikkje eit virus), fortalde fleire historier om stigmatisering.

Tanken om at eit virus har ein nasjonalitet, er absurd, ifølgje Antirasistisk Senter. Me utgjer alle ein smitterisiko.

– Ingen menneske har ansvar for at eit virus oppstår eller er farleg for oss – openbert, seier leiar Rune Berglund Steen.

– Men rasismen utmerker seg ikkje med rimelegheit eller klokskap, seier han.

Uroa er også stor hos Amnesty International.

I ein kommentar i VG ser leiar John Peder Egenæs tilbake i historia, med skrekkeksempel på når grupper har fått skulda for sjukdommar:

  • Jødane for svartedauden og tuberkulose.
  • Irar i USA for spreiinga av kolera på 1900-talet.
  • Afrikanarar og homofile for hiv og aids.

Sterkare saman

– I ein slik situasjon er det heilt avgjerande å vere eit «me» – og ikkje skilje mellom «oss» og «dei».

Generalsekretæren i Røde Kors ber ei bøn om at me skal halde saman. Men Bernt Apeland ser det som menneskeleg at me prøver å finne ut kven eller kva som har skulda når tida er kaotisk.

Bernt Apeland

Bernt Apeland har trua på at me menneske klarar krisa saman.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Han meiner å ha sett ei utvikling dei siste åra. At verda blir meir konfliktorientert.

Me set kvarandre i båsar, og trekker opp skiljelinjer.

No synest han me skal snakke om dette, vere bevisste på det, og trygge kvarandre på at me står i lag i det tøffe.

– Eg håpar det alvoret me no møter kan virke samlande. Ikkje berre i Noreg, men mellom nasjonar og heile befolkninga i verda, seier Røde kors-leiaren.

Hyttekommentar
Foto: Skjermdump / Facebook

Flere nyheter fra Rogaland

Flere personer i Sokndal har de siste dagene observert en ulv i kommunen. Therese Mydland fanget ulven på et overvåkningskamera rett utenfor inngangsdøra, mens Kjell Ivar Nesvåg fanget ulven på et viltkamera.

Her vandrer ulven rett utenfor døra til Therese Mydland

GBtmelcmf7w

Equinor reklamerer med at dei skal kutte fem gongar utsleppa til Noreg