Hopp til innhold

Lill Merete ringer dei som sit aleine

Tusenvis av besøksvenner må halde seg borte på grunn av smittefare. Difor har Lill Merete Steinbru blitt ringevenn.

Lill Merete Steinbru - i telefonen

NY VENN: Lill Merete Steinbru ringer den nye ringevennen sin.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Ho var veldig hyggeleg. Ho lurte litt på kva vi skulle snakke om sidan vi ikkje kjenner kvarandre. Men det trur eg vi skal finne ut av, seier Lill Merete Steinbru frå Klepp.

Ho har akkurat tatt den første telefonen til ringevennen sin. Ein samtale ho håpar var eit ekstra lyspunkt i kvardagen hennar.

– Eg tenker det er ein fin måte å bidra på i desse tider, når mange sit heime og er meir åleine enn dei er i utgangspunktet, seier Steinbru.

Søker ringevenner

Dei som til vanleg har ein besøksvenn får ikkje treffe denne lenger, på grunn av koronasmittefare. Då kan svaret ligge i ein telefonsamtale.

Ann Kristin Hatletvedt - portrett

MANGE VIL RINGE: Frivilligsentralen på Klepp har fått 47 ringevenner på ei veke, fortel dagleg leiar Ann Kristin Hatletvedt.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– No sit dei mykje meir isolert og kjenner på einsemd og frykt. Å få nokon å snakke med og nokon som bryr seg i ein slik situasjon er viktig, seier Ann Kristin Hatletvedt.

Ho er dagleg leiar i Frivilligsentralen på Klepp. På ei snau veke har dei skaffa 47 ringevenner. Andre frivilligsentralar i Noreg har også tatt kontakt.

– Dei ringer meg frå veldig mange andre frivilligsentralar, og vil vite korleis vi gjer det, seier Hatletvedt.

Må finne andre måtar å møtast

Fredag oppretta Norges Frivilligsentraler nettsida telefonvenn.no, slik at alle som vil bli telefonvenn kan registrere seg.

Gijs Mans - daglig leder Norges frivillighetssentraler

ANDRE MÅTAR: Dagleg leiar i Norges Frivilligsentraler Gijs Mans, meiner det er viktig å finne andre måtar å kome i kontakt på.

Foto: Privat

– Vi må finne andre måtar å legge til rette møter mellom menneske på, seier dagleg leiar i Norges Frivilligsentraler, Gijs Mans.

Røde Kors har over 10.000 besøksvenner som gir tida si til 20.000 andre menneske. No jobbar organisasjonen med å få besøksvennene til å plukke opp telefonen.

Annelise Flor

VIKTIG: Seniorrådgjevar i Røde Kors, Annelise Flor, meiner det er viktig at besøksvennene held kontakten via telefon.

Foto: Privat

– Vi har oppmoda besøksvennene våre til å bli telefonvenner, Skype-venner eller Facetime-venner. Det er kjempeviktig at dei held kontakten, seier seniorrådgjevar Annelise Flor.

Gler seg til det ringer

Arne Helle på Klepp er ein av dei som ikkje får treffe besøksvennen sin på grunn av korona.

– Det er dagar som kan vere litt lange. Særleg laurdag og søndag, seier Arne Helle.

Han sit mykje framføre fjernsynet, men nå har høgdepunket i dagen blitt den neste telefonsamtalen frå ringevennen.

– Det er halve livet. Det har eg alltid sagt.

Arne Helle i telefonen.

DEN BESTE TIDA: For Arne Helle er den beste tida på dagen då ringevennen slår på tråden

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Nytt vennskap

Lill Merete Steinbru synest det er godt å vere der for andre. Telefonvennen ho nett har fått kan også vere starten på eit nytt vennskap.

– Når dette er over håpar eg at vi kan ta ein kaffidrøs, seier Steinbru.