Hopp til innhold

Hovudredningssentralen: – Dropp toppturen!

Hovudredningssentralen er no klare i si oppmoding. Folk må droppe å gå på topptur medan koronaviruset spreier seg.

Store opplevingar er det som lokkar turistar til Noreg

IKKJE GÅ PÅ TOPPUR: Hovudredningssentralen håpar folk ikkje går på toptur i tida framover.

Foto: Torje Bjellaas

– Som eit ledd i den nasjonale dugnaden vi no går inn i, ønskjer vi ikkje at folk skal ta dei turane som utløyser redningsaksjonar, seier Jarle Øversveen som er avdelingsdirektør ved Hovudredningssentralen i Sør-Noreg (HRS).

Korleis skal folk vurdere kva turar som kan gjere det då?

– Det er ingen som trur at dei skal trenge redningstenesta, vår oppmoding er å kutte alle toppturar. Det handlar om å avgrense belastninga på redningsressursane, og at helsevesenet har eit stort behov for dei same ressursane, seier Øversveen.

Måndag er det fint ver og mykje nysnø i store delar av Sør-Noreg, men hovudredningssentralen understrekar at dette er ei oppmoding som gjeld frå i dag.

– Dette er ei tilråding for å vere i forkant, og for å sikre at vi no dempar belastninga på redningsressursane, seier Øversveen.

Alta Folkehøgskole

IKKJE GÅ FOR BRATT: er rådet frå både hovudredningssentralen og Sogn Røde Kors.

Foto: Timme Ellingjord / NRK

– Ta ned amibsjonsnivået

Per Odd Grevsnes er leiar i skredgruppa i Sogn Røde Kors. Det er dei som reiser ut når folk treng hjelp i dei populære turområda i Sogndalsdalen og Jostedalen.

Han meiner at det viktigaste no er at folk ikkje går på turar der det er ein sjanse for å at det må bli brukt helikopter.

– Det å ta ned ambisjonsnivået med tanke på toppturar, trur eg er eit veldig godt råd som eg forventar og håpar at alle tek til seg. Når det gjeld skredfare er 30 grader ei kritisk grense. Elles har vi toppar i vårt område som ikkje nødvendigvis krev helikopter dersom du treng hjelp, seier han.

Grevsnes meiner nemleg at han og skredgruppa kan hente ut mange frå litt lettare turar, utan at det er naudsynt å bruke helikopter. Men på mange populære toppturar er det umogleg for dei å jobba utan helikopterhjelp.

– Vi vil helst at folk ikkje skal komme i den situasjonen der ein må ut og berge. Difor må folk vere veldig forsiktige.

– Du er ikkje bekymra for eige mannskap som når det gjeld smitte?

– Sjølvsagt, men vi er slik skrudd saman at om folk kjem i naud, vil vi kunne stille opp og hjelpe til. Eg trur det er ambisiøst å prøve å halde befolkninga i Sogndal innanfor husets fire vegger over tid. Då trur eg det er lurt å tenkje at om ein ikkje smittar andre, så er det greitt å komme seg litt ut i naturen.

Per Odd Grevsnes

RYKKJER UT: Skredgruppa i Sogn Røde Kors og Per Odd Grevsnes er klare til å rykkje ut.

Foto: Sigrid Skjerdal / NRK

– Må vi rykke ut, så rykkjer vi ut

Han seier dei har tett dialog med Røde Kors sentralt som kjem med retningslinjer om korleis dei skal opptre i ein aksjon.

– Men hjelpekorpsfolka er interessert i å hjelpe folk. Det er difor vi har engasjert oss. Det er viktig å førebyggje, men skulle det skje, har vi kontroll på mannskapet vår. Vi veit kor mange som er tilgjengelege og som ikkje er i karantene. Om vi skulle komme i ein situasjon der vi må rykke ut, så rykkjer vi ut.

Laster Twitter-innhold