Hopp til innhold

«Airbnb» for hundar slår an

Nå kan også hundar innlosjera seg i private heimar når familien er på ferie. – Me har allereie 170 godkjende vertsfamiliar, seier Anne Tjønneland, som er veterinær for den nye nettenesta.

Nå kan også hundar innlosjera seg i private heimar når familien er på ferie. – Me har allereie 170 godkjende vertsfamiliar, seier Anne Tjønneland, som er veterinær for den nye nettenesta.

PRIVAT KENNEL-TENESTE: Gjennom ei teneste på internett kan hundeeigarar nå sveipa seg gjennom vertsfamiliar for å finna den perfekte match for sin hund.

Anne Tjønneland

Anne Tjønneland er ein av fleire gründerar som står bak den nye nettenesta. I tillegg er ho veterinær og ansvarleg for å godkjenna vertsfamiliane, som ønsker hundebesøk.

Foto: Rebecca Bjerga / NRK
Halvard Totland

Halvard Totland er marknadsansvarleg for Hjemmekennel.no, og kan fortelja at dei er i gang med å utvida til Bergen og Oslo.

Foto: Rebecca Bjerga / NRK

Nettsider som Airbnb og Couchsurfing har gjort mykje med reisevanane til folk, og ein kan sjå at stadig fleire bur hos private når dei er ute å reiser. Nå gjer eit Stavanger-firma suksess med eit liknande konsept for firbeinte.

På nettsida Hjemmekennel.no kan hundeeigarar, som skal på ferie utan hund, bla seg gjennom profilar for å finna vertsfamilien dei helst vil plassera hunden sin hos.

– Me har sett ein stor pågang sidan mars. Me er nå oppe i 170 godkjende vertsfamiliar over heile Rogaland, og eg skal besøka fleire familiar for godkjenning også nå i august, fortel gründer Anne Tjønneland, som er veterinær for den nye nettenesta. Det er ho som skal sikra at familiane på nettsida er skikka til å ta vare på ein hund.

Skal utvida til Oslo og Bergen

Hunden Felix er for tida på ferie hos Grethe K. Kaland frå Sandnes. Kaland har ein hund frå før, men er likevel svært glad i å vera vert for andre folk sine hundar. Hunden deira Mocca er også glad i å ha ein leikekamerat på besøk.

– Me har lenge snakka om å få ein hund til, men nå får me låna hund inn i mellom, så då treng me ikkje det, seier Kaland, som registrerte seg ved juletider i fjor.

Grethe K. Kaland

Grethe K. Kaland blir knytt til hundane som ho har på besøk. Heldigvis er det mange som kjem attende.

Foto: Rebecca Bjerga / NRK

Gründerane bak prosjektet er såpass nøgde med responsen i Rogaland at dei nå vil utvida.

– Me har knytt til oss veterinærar både i Bergen og Oslo. I Bergen har me allereie starta godkjenninga av vertsfamiliar, fortel Halvard Totland, som er vekst- og marknadsansvarleg.

Ikkje for alle

Men det er ikkje for kven som helst fortel Anne Tjønneland, som også må avvisa familiar som ønsker å vera vertar.

– Det kan til dømes vera snakk om folk i små hyblar, og som ønsker seg ein stor hund. Noko som sjølvsagt ikkje går, seier ho.

Hjemmekennel

Hjemmekennel starta som eit gründerprosjekt i 2014, men det er først dei siste månadane at det har blitt satsa skikkeleg, og medlemsmassen har stige til vêrs.

Foto: Skjermdump