PRIVAT: Tristan Bogaard frå Nederland er på langtur på sykkel. Han bruker portalen Couchsurfers, og bur hos eit par frå Sandnes.
Foto: Johan Mihle Laugaland / NRKHOSTELL: – Skandinavia er veldig dyrt, men nå kan me bu billig, seier Sarah Neuhausen (t.h.) frå Feldkirchen-Westerham i Tyskland. Ho er på reis saman med veninna Monika Riedle. Dei har funne eit hostell på Hostelworld.
Foto: Johan Mihle Laugaland / NRKHOSTELL: Australske Kristian Sorbello reiser åleine, og bur på et hostel han har funne på Booking.com.
Foto: Joahn Mihle Laugaland / NRKDet er like før Tau-ferja går frå Fiskepiren i Stavanger-sentrum, og det hopar seg opp med turistar som skal til Ryfylke for å sjå Preikestolen.
Av alle turistane NRK rekk å snakka med før ferja går, er det ingen som bur på hotell.
– Me gjekk inn på Google og søkte, etter kvart fann me eit hus som me kunne leiga, og det har me gjort, fortel ei kvinne frå Seoul i Sør-Korea som er på tur saman med fem venar.
Huset i Stavanger leiger dei i tre netter, og betaler 6500 kroner.
– Det er ei veldig god løysing for oss, og husverten er veldig snill. Han har mykje mat i fryseboksen, som me får eta av, fortel dei entusiastisk.
- Les òg:
- Les òg:
Tente 70.000 kroner på eitt år
Talet på rogalendingar som leier ut rom, hus og leilegheiter på døgn- og vekebasis er aukande. Berre i Stavanger nå finn du 300 lokale utleigarar på nettportalen Airbnb.
Ein av dei ivrigaste utleigarane er Helge Aukland på Røyneberg i Sola. I over eitt år har han leidd ut fire dobbeltrom gjennom nettportalen.
– I fjor var eit veldig godt år, då tente eg 70.000 kroner. I år merker eg at det er fleire om beinet, seier han.
- Les òg:
- Les òg:
Han har nett reidd opp sengene for fire kinesiske turistar.
– Eg synst det er kjekt å møta folk, eg synst det er kjekt å halda ting i orden og eg synst det er veldig greitt å tena litt pengar på dette, seier han om kvifor han har kasta seg på den nye trenden.
BIG BUISNESS: Det er høgsesong hos Helge Aukland på Røyneberg i Sola, som i over eitt år har leidd ut fire dobbeltrom gjennom nettportalen Airbnb.
Foto: Johan Mihle Laugaland / NRKHelge Auklend sitt kart til gjestene som forklarer korleis dei skal koma seg til Stavanger. Auklend har fått gode skottsmål frå dei som har budd hos han.
Foto: Johan Mihle Laugaland / NRKFærre bestiller camping-hytter
Trass den nye typen turistar, som ikkje vil bu på hotell, tek hotellnæringa i byen det heile med ro. Hotellbransjen i dette området må også forholda seg til oljenedturen og mange nye hotell som har skjerpa kampen om kundane.
– All konkurranse er sunt, så lenge ein konkurrerer på like vilkår, seier Lars Roaldkvam, som er direktør på Quality Airport Hotel på Sola og på Quality Hotell Residence i Sandnes.
Ein som seier at han har merka noko er dagleg leiar Per Arne Haarr ved Mosvangen Camping i Stavanger. Han seier at campinghyttene til 500 kroner natta ikkje lenger er like populære.
– Marknaden for å leiga ut hytter nå har kollapsa litt frå i fjor. Det er heile tida mange ledige hytter. Eg veit ikkje kor dei bur, om det er på billige hotellrom eller hos private, men det er i alle fall langt færre som bur her.
Per Arne Haarr er dagleg leiar ved Mosvangen camping. Han merker spesielt godt at det er mindre interesse for hyttene hans nå enn tidlegare.
Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK