NRK Meny
Normal

Vurderer ekstra tiltak på Bieber-konsert

Politiet vurderer ekstra tryggingstiltak på Justin Bieber-konserten i Stavanger 7. juni.

Justin Bieber

Popkometen Justin Bieber kjem til Stavanger i juni.

Foto: Heiko Junge / NTB scanpix

– Me vurderer situasjonen fortløpande og vil kanskje setja i verk nokre tiltak. Først og fremst for å førebygga uønskte hendingar og for at publikum skal få ei veldig god konsertoppleving med Justin Bieber.

Det opplyser stabssjef i Sør-Vest politidistrikt Rogaland, Egil Eriksen. Vurderingane blir gjort med bakgrunn i PST sine trusselvurderingar for Europa og Norge, ifølge Eriksen.

– Trusselbiletet er usikkert og me er førebudd på at dei forferdelege hendingane som sist skjedde i Manchester, kan skje elles i Europa.

Minst 22 personar blei drepne og 59 skadde då ein mann detonerte ei bombe ved Manchester Arena, kor popstjerna Ariana Grande haldt konsert måndag kveld.

Egil Eriksen

Stabssjef i Sør-Vest politidistrikt Rogaland, Egil Eriksen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

7. juni skal ei av verdas største popstjerner, Justin Bieber, ha konsert på Forus travbane i Stavanger. Med 36.000 publikummarar blir dette den største konserten som nokon gong er arrangert i Rogaland.

Eriksen vil ikkje gå nærare inn på kva ekstra tryggingstiltak politiet vurderer, men seier dei førebur seg så godt dei kan på arrangementet.

– Me har hatt kontakt med kommunen og arrangøren. Arrangøren har blant anna gjort ein risiko- og sårbarheitsanalyse som politiet har akseptert. Me vurderer om me må ta opp att dialogen.

– Skal gjera vårt yttarste

Henning Kristiansen frå Pro Sec har ansvaret for tryggleiken på Justin Bieber-konserten på Forus travbane. Pro Sec leverer i dag tryggingstenester til om lag 90 prosent av alle konsertar med internasjonale artistar her til lands.

– Me har nøye gått gjennom heile arenaen, spesielt publikumslogistikken til og frå arenaen. Me føler me har laga ein plan som gjer at publikum får ei fin oppleving denne junidagen.

Kristiansen seier dei ikkje kjem til å forandra på tryggingsplanane med bakgrunn i angrepet i Manchester, men at dei kjem til å følgja planane som er lagt frå før.

– Kan dei 36.000 som skal på konserten føla seg trygge?

– Det håpar eg verkeleg. Me gjer i alle fall vårt yttarste for at folk skal få ei fin oppleving.

Det gjer også politiet, lovar stabssjef Eriksen.

– Ingen kan garantera at det ikkje skjer uønskte hendingar. Men me skal vera til stades og gjera det yttarste for at publikum skal kunna nyta konserten på Forus travbane.