NRK Meny
Normal

Bieber-billettane forsvinn i høgt tempo

Serveren krasja, nett som forventa, då billettane til Justin Bieber-konserten i Stavanger i dag blei lagt ut for sal.

Justin Bieber opptrer.

TRAVBANE-KONSERT: Den sjuande juni skal den amerikanske popstjerna Justin Bieber halda konsert på Forus Travbane på Forus i Stavanger.

Foto: KEVIN WINTER / AFP

Klokka ni tysdag morgon blei Justin Bieber-billettane til konserten i Stavanger lagt ut for sal. Like etter krasja serveren.

– Det var forventa, og det er jo slik det alltid er med denne type arrangement, seier Øivind Ekeland, som er konsertarrangør.

20 minutt etter var problemet fiksa og serveren var oppe att.

36.000 billettar for sal

Det er den sjuande juni Justin Bieber skal spela på travbanen på Forus i Stavanger. Her er det plass til heile 36.000 publikumarar. Til samanlikning var det 24.000 som såg popstjerna i Telenor Arena då han hadde konsert der i september i år.

NRK snakka med Ekeland halvannan time etter salet hadde byrja, og han kunne fortelja at billettane forsvinn i høg fart.

– Allereie klokka ti var me oppe i 25.000 selde billettar, og nå sist eg sjekka var me oppe i nesten 30.000 selde, seier han.

Han trur likevel at tempoet roar seg litt nå, men han trur dei vil nå målet om å få seld ut alle billettane.

– Eg trur absolutt at dette er noko alle vil ha med seg. Folk kjem i lange tider til å snakka om dagen då Justin Bieber var i Stavanger.

Øivind Ekeland på Forus Travbane.

VIDEO: Arrangør Øivind Ekeland på tomta der konserten skal vera sommaren 2017.