– Det er naturleg å vurdera å droppa reiseforsikringa nå fordi store delar av prisen går til å dekka risiko for reiseavbrot og behandling i utlandet, seier Kvadsheim, kjent frå TV3-programmet «Luksusfellen».
Talet på selde reiseforsikringar i Noreg var ved årsskiftet 3,2 millionar, ifølge Finans Noreg.
Kvadsheim påpeikar at ei heilårs reiseforsikring kan kosta ein familie rundt 2000 kroner i året.
– Då betaler du ganske mykje dersom du ikkje får bruk for denne dekninga. Det gjer dei fleste ikkje nå, sidan få kan reisa til utlandet.
Dekker også reiser i Noreg
Styresmaktene har bede oss droppa unødvendige turar fram til 15. januar. Og forsikringsselskapa NRK har snakket med åtvarar mot å bestilla reiser til utlandet nå.
Kvadsheim poengterer likevel at ei god heilårs reiseforsikring også dekker både korte og lange turar innanlands. For eksempel viss du blir fråstolen ting på veg til jobb eller hytta.
– Eg synst likevel at 2000 kroner for ei slik dekning er ganske dyrt. Hugs også at du kan få ei tilsvarande dekning gjennom innbuforsikringa. Enkelte selskap tilbyr dette gjennom ei utvida innbuforsikring, seier Kvadsheim, som også står bak pengeverkstedet.no.
Men Norsk Familieøkonomi på Bryne, som gir råd om privatøkonomi, tilrår ikkje nordmenn å droppa reiseforsikringa i koronatider.
– Me vil ikkje rå folk til å kutta ut reiseforsikringa. Plutseleg tar reiseaktiviteten seg opp igjen. I tillegg kan du ha framtidige reiser som alt er bestilt og er dekka av den noverande forsikringa, seier kommunikasjonsrådgivar Karlin Moen.
Norsk Familieøkonomi tilrår heller folk å sjekka ut reiseforsikringa og henta tilbod frå andre aktørar. Dei viser også til dei årlege testane dei tar av dei ulike forsikringsselskapa.
– Me ber spesielt folk sjekka kven reiseforsikringa gjeld for, om det er aldersavgrensingar, varigheit på forsikringa og dekninga av reisegods.
Forsikringsbransjen: – Behald reiseforsikringa
NRK har vore i kontakt med tre av dei største reiseforsikringsselskapa i landet, Fremtind (Sparebank 1 og DNB), Gjensidige og Europeiske (If).
Alle selskap seier få kundar har sagt opp reiseforsikringa, trass i låg reiseaktivitet dei siste månadane.
– Generelt anbefaler me folk å behalda reiseforsikringa. Dersom du finn ut at du ikkje har bruk for ho, bør du i alle fall setja deg inn i kva reiseforsikringa dekker, seier kommunikasjonssjef Bjarne Aani Rysstad i Gjensidige.
Europeiske reiseforsikring meiner nordmenn har hatt stor nytte av reiseforsikring i 2020 på grunn av avbestillingsdekning.
– Me har utbetalt meir pengar enn nokon gong før som følge av at folk har avbestilt feriar, seier kommunikasjonsrådgivar Andreas Handeland.
Vurderer du nå å droppa reiseforsikringa for ein periode? «Luksusfellen-Hallgeir» kjem i så fall med eit lite varsku.
– Dersom du er ein litt surrete person og gløymer å teikna reiseforsikring på ny når grensene opnar og du skal til utlandet, er det ikkje sikkert du skal kutta den ut i nokre månader, seier Hallgeir Kvadsheim.