Hopp til innhold

– Dårleg maritim politikk å legga ned Flaggruten

Maritimt forum for Haugaland og Sunnhordland vil kjempa for å bevara Flaggruten. Dei meiner det er dårleg maritim politikk å legga ned den tradisjonsrike båtruta.

Flaggruten
Foto: Wikimedia Commons

Maritimt forum ønskjer meir godstransport og persontrafikk frå land til sjø, og påpeikar at det ikkje kostar noko å halda ved like havet.

– Havet er den einaste gratis firefeltsvegen me har. Det trengst ikkje leggjast ny asfalt eller midtrabattar på sjøen, seier dagleg leiar i Maritimt forum for Haugaland og Sunnhordland, Solveig Røkenes.

Mange har reagert

Tidlegare denne veka blei det kjent at Flaggruten blir lagt ned – etter 53 års teneste mellom Stavanger og Bergen.

Mange har reagert på at hurtigbåttilbodet forsvinn frå nyttår, og både turistnæringa og næringslivet har tidlegare denne veka gitt sin støtte til å oppretthalda Flaggruten.

Det viste seg at samferdselsutvalet i Rogaland ikkje visste at politikarkollegaene i Hordaland skulle legga ned ruta.

Reiarselskapet Fjord Line kasta seg også på banen i debatten, og sa at dei kan ta over Flaggruten sitt rutetilbod mellom Bergen og Stavanger.

– Einaste beredskapen

Maritimt forum stiller seg nå i rekkja av støttespelarar for hurtigbåtruta mellom dei to store vestlandsbyane.

– Dette er dårleg maritim politikk med tanke på nærskipsfarten. Og dersom vegnettet skulle falla saman, er sjøen den einaste beredskapsåra me har i tillegg til luftvegen, påpeikar Røkenes.

Sjå TV-sak om nedlegginga:

Flaggruten mellom Stavanger og Bergen legges ned ved nyttår, hvis ikke fylkepolitikerne i Rogaland og Hordaland blir enige om videre satsing. Klarer de ikke det, blir 54 år gammel sjøreise historie.

VIDEO: Flaggruten mellom Stavanger og Bergen blir lagt ned frå nyttår.