Hopp til innhold

– Fjord Line kan erstatta Flaggruten

Dersom reiarselskapet Fjord Line får det som dei vil, kan «danskebåten» ta over Flaggruten sitt rutetilbod mellom Bergen og Stavanger.

Stavangerfjord ligg til kai

MS Stavangerfjord går i dag mellom Bergen, Stavanger og Hirtshals. Snart blir også Bergensfjord sett inn i trafikken.

Foto: Arild Eskeland / NRK

Ingvald Fardal

Direktør i Fjord Line, Ingvald Fardal, seier at dei kan fylle tomrommet etter Flaggruten dersom det norske regelverket blir endra.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Etter det blei kjent at Flaggruten sitt rutetilbod mellom Bergen og Stavanger blir lagt ned, har nå reiarselskapet Fjord Line kasta seg på banen i debatten.

Dei meiner at dei kan vera ein fullverdig erstattar for rutetilbodet som forsvinn.

Når den nye ferja MS «Bergenfjord» blir sett inn i Fjord Line sin trafikk mellom Norge og Danmark neste år, vil nemleg reiarselskapet ha to store ferjer som trafikkerer Hirtshals–Stavanger–Bergen dagleg.

– Når me kjem i gang med begge dei nye ferjene frå april neste år vil me ha daglege avgangar frå Stavanger klokka 07.30 og frå Bergen klokka 14.30, seier administrerande direktør i Fjord Line, Ingvald Fardal.

– Meir miljøvenleg

Han meiner derfor at dei kan bli den perfekte erstattaren for Flaggruten. I tillegg til at han meiner at det vil vera ei meir miljøvenleg løysing.

– Ein får då utnytta kapasiteten til ei ferje som likevel går dagleg mellom desse byane, og det vil ikkje kosta ei krone for den norske stat i subsidiar. Tvert om vil dei få inn kroner i form av momsavgift på billetten, seier Fardal.

Den einaste og største haka med dette er at dagens regelverk ikkje tillet dette.

Siri Meling

Siri A. Meling tok lovverket opp på Stortinget i fjor.

Foto: Torunn Westvik Tørneng / NRK

Tollovverket seier at «danskebåten» berre kan ha passasjerar om bord som skal frå Norge til Danmark eller omvendt. Fjord Line kastar derfor ballen til politikarane og håper dei vil gjera endringar.

Har allereie føreslått endring

Stortingspolitikar Siri A. Meling (H) tok dette spesifikke regelverket opp i Stortinget i fjor. Nå er maktbalansen på Stortinget endra, og dermed kan denne endringa få ein ny sjanse med ny regjering.

– Trafikktryggleik og miljø var årsaka til at eg tok opp denne saka i Stortinget i fjor. Dette handla då om tungtransport, sidan me vil ha meir gods frå veg til sjø, seier stortingspolitikaren til NRK.no.

Altså ville ho gjera eit unntak for trailerar og sjåførar som trafikkerer E39.

Om Fjord Line sitt spesifikke utspel i dag kan ho framleis ikkje sei noko handfast.

– Dette er eit nytt initiativ, som eg må ha meir kunnskap rundt, før eg kan seia noko meir om saka.

Sjå TV-sak om nedlegginga:

Flaggruten mellom Stavanger og Bergen legges ned ved nyttår, hvis ikke fylkepolitikerne i Rogaland og Hordaland blir enige om videre satsing. Klarer de ikke det, blir 54 år gammel sjøreise historie.

VIDEO: Flaggruten mellom Stavanger og Bergen legges ned til nyttår.