Hopp til innhold

– Alarmen kom veldig fort opp etter innbrotet

Siv Aasland på Bryne fekk fort opp bustadalarm etter at uvedkommande tok seg inn i huset hennar mens ho var på ferie. Alarmselskapa melder nå om stor etterspurnad etter bustadalarmar.

Rekordsal av bustadalarmar

VIDEO: Siv Aasland fekk i dag besøk av politioverbetjent Bjørn A. Søyland. Ho har installert bustadalarm etter at ho opplevde innbrot i heimen mens ho sjølv var på ferie.

– Tjuvane kom seg inn kjøkkenvindauge og tok lett omsettelege ting. Dei var ute etter gull, sølv og edle steinar, fortel Aasland frå bustaden sin på Bryne.

Ho fekk seg ei ubehageleg overrasking då ho forrige veke kom heim frå ferie i Sør-Amerika.

– Det var ganske uverkeleg. Det er ei vond oppleving når nokon krenkar deg ved å ulovleg trenga seg inn i heimen din, seier ho.

Seinast i helga blei det registrert fem innbrot på eitt døgn i Sør-Rogaland, og etter denne helga er omlag seksti innbrot melde til politiet.

Tjuvane tar seg inn i private hus, på jakt etter gull og sølv og andre ting som er lett omsettelege. I slutten av november sette politiet inn ekstra sivilt mannskap i håp om å fanga tjuvane.

– Skummelt og skremmande

Oddmund Heskestad

Oddmund Heskestad er blant dei som har installert bustadalarm etter innbrotsbølga i Sør-Rogaland.

Foto: Kristoffer Møllevik

Siv Aasland på Bryne har fått seg bustadalarm etter innbrotet i heimen hennar.

– Alarmen kom veldig fort opp etter innbrotet. Alarmmerkinga på veggen ved ytterdøra og på vindauga håpar eg er nok til å halda framtidige ubedne gjester unna.

Også Oddmund Heskestad på Lye har fått nok av tjuvane som herjar om dagen. I dag fekk han installert bustadalarm.

– Nå har me bestemt oss for at me vil sikra huset vårt. Slekta vår har òg hatt innbrot og det er ikkje noko kjekt i det heile tatt. Det er skummelt og skremmande, seier han.

Rekordsal av alarmar

Rune Særheim

Rune Særheim, leiar for Verisure sitt Bryne-kontor.

Foto: Kristoffer Møllevik

Også vaktselskapa merkar frykta hos folk. Salet av alarmar er rekordstort, ifølge alarmselskapet Verisure (tidlegare Securitas Direct, jour. merk.)

– Det er heilt tydeleg at folk er meir opptatt av sin eigen tryggleik. Me har lokalkontor på Bryne og der kjem folk innom og bestiller alarmar i mykje større grad enn før, seier Rune Særheim, leiar for Verisure sitt Bryne-kontor.

Politiet har sett av store ressursar i arbeidet med å avsløra kven som står bak alle tjuveria den siste tida. Men trass i all spaninga i sivile politibilar, har dei få konkrete spor å gå etter.

– Me jobbar veldig hardt og gjer det me kan for å avsløra sakene, men enn så lenge har med ikkje nokre konkrete haldepunkt, seier Bjørn A. Søyland, politioverbetjent ved Time lensmannskontor.

Han seier publikum har vore gode til å tipsa i det siste, og ber folk halda fram med det.

– Me er avhengige av at folk følgjer med og gir oss informasjon. Ta heller kontakt ein gong for mykje enn ein gong for lite. Det kan for eksempel vera bilar og personar som ikkje naturleg høyrer heime i gata di, seier Søyland.