Hopp til innhold

– Ekkelt at nokon har vore i huset

Ei spesialgruppe med etterforskarar skal no granske dei nærare 30 bustadinnbrota i Sør-Rogaland dei siste tre vekene. Ein familie på Vigrestad vart fråstole gull og sølv, då tjuvar braut seg inn i huset deira i helga.

Innbrot på Vigrestad

Tjuvane braut opp døra for å kome seg inn i bustaden til Siri K. Fuglestad.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Sjå her har dei brote opp døra, og kome seg inn.

Siri K. Fuglestad viser døra der tjuvane tok seg inn laurdags føremiddag. Ho og resten av familien var berre vekke eit par timar, men det var nok for tjuvane til å tømme huset for gull, sølv og ein iPad.

– Det var jo ikkje kjekt. Det var ei ekkel kjensle. Først trudde eg det var vinden, at eit vindauge hadde blåst opp, men så forstod eg at det hadde vore folk inne i huset, fortel Fuglestad.

Ho er ein av dei mange på Vigrestad som har hatt innbrot i bustaden sin dei siste tre vekene.

Berre i helga var det åtte innbrot i bustadar i Stavanger, Sandnes og lenger sør på Jæren. Politiet mistenker at ein innbrotsliga står bak.

– Spionerer på huseigarane

Politiet meiner tjuvane spionerer på førehand for å sjå når folk forlèt husa sine. Så slår dei til.

– Gjerningspersonane går mot tomme bustader, dei bryt opp dører eller vindauge, og dei stel i hovudsak gull eller sølv, fortel politiførstebetjent ved Hå lensmannskontor, Jan Olav Våge.

Jan Olav Våge

Førstebetjent i Hå lensmannskontor, Jan Olav Våge.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

No skal ei spesialgruppe med etterforskarar jobbe for å prøve å oppklare dei mange innbrota.

Mykje tyder på at det er profesjonelle som står bak.

– Det framstår som profesjonelt utført, og det er gjort lite observasjonar av folk og køyretøy, i samband med dei grove innbrota, seier Våge.

– Vel seg hus som ligg i utkanten

Tjuvane oppsøker oftast hus som ligg langs hovudvegane og litt aleine som det til familien Fuglestad på Vigrestad. No håpar dei berre at politiet klarer å ta tjuveriligaen.

– Eg håpar at dei tek dei som har gjort dette, slik at andre slepp å oppleve det same, avsluttar Fuglestad.

Det har vore fleire innbrot på Jæren i helga. Her frå Vigrestad.