Hopp til innhold

Fire arrestert etter tjuveri på treningssenter

Tjuvane vart tekne på fersken av politiet då dei prøvde å ta med seg datautstyr frå eit treningssenter i Sandnes. Det var ei kvinne som var på trening som like etter klokka halv seks melde frå om at fire mistenkelege personar var inne.

Innbrot på treningssenter

Politiet beslagla mykje datautstyr som tjuvane prøvde å ta med seg.

Foto: Ronny Hjertås

– Me fekk ein telefon frå ein kvinneleg morgonfugl, som kunne fortelje at ho observerte personar inne på treningssenteret. Ho fann det litt snodig sidan dei gjekk rundt i lokalet med lommelykter, fortel operasjonsleiar Henning Andersen.

Det gjekk i underkant av fem minutt frå politiet fekk meldinga til dei var på staden.

– Då me kom til treningssenteret fann me fire menn i alderen 25–30 år. Dei var i ferd med å bera datautstyr ut av lokalet, seier Andersen.

– Så det var ikkje berre ei vanleg treningsøkt med vekter dei haldt på med?

– Tydelegvis ikkje.

Dei fire er nå sett i arresten. Politiet ser ikkje innbrotet i samanheng med dei mange bustadinnbrota den siste tida.

Han takkar morgonfuglen som melde ifrå.

– Me sett stor pris at folk ringer og tipsar oss. Og heldigvis er det ein del som gjer det, avsluttar Andersen.