Hopp til innhold

– Snakk høgt med deg sjølv på norsk

Snart to år etter at dei første ukrainske flyktningane kom til Noreg, er 17 prosent av dei i jobb.

Viktoriia Muziol flyktning frå Ukraina på St.Johannes vaksenopplæring i Stavanger

Viktoriia Muziol på Johannes vaksenopplæring i Stavanger

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Eg byrja på norskopplæring i august i 2022. Dei tre første månadene forstod eg ingen ting, fortel Viktoriia Muziol frå Ukraina.

Ho kunne heller ikkje engelsk då ho kom til Stavanger. Litt tysk hadde ho plukka opp på fritida i Ukraina. Det var alt, utanom ukrainsk og russisk.

Det var først i februar i 2023, 6–7 månader seinare, at ho kunne snakka litt med nordmenn.

– Og kor lang tid tok det før du snakka nokolunde flytande?

– Det tok eitt år.

Viktoriia Muziol på St. Johannes norskopplæringsskole i Stavanger

Viktoriia Muziol har lært norsk i halvanna år i Stavanger.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Snakk høgt med deg sjølv

Det var ikkje slik at Viktoriia sette seg ned og venta på at språket skulle koma flytande. Ho gjekk verkeleg inn for oppgåva.

– Eit tips eg kan gi andre, er å snakka høgt med deg sjølv på norsk og kommentera alt du gjer.

Viktoriia brukte det då ho laga middag. Då sa ho høgt til seg sjølv at «Nå skal eg skrelle poteter», «Nå skal eg kutte løk».

– Og dersom det var eit ord eg ikkje kunne, slo eg det opp på nettet.

Viktoriia har norsk kjæraste. Det hjelper også.

– Etter kvart lærte eg meg å snakka meir og meir, og brått ein dag opplevde eg at eg kunne snakke med han utan å måtte tenkje over kva eg skulle seie. Orda berre kom ut av munnen min. Det var litt slik «wow!»

Ikkje lett å koma seg i jobb

Helga 5. og 6. mars er det to år sidan dei første ukrainarane kom som flyktningar til Ålgård i Rogaland. Alt den gongen var det klårt at mange av dei var godt utdanna.

Fellesfrukost med rettar frå Ukraina.

Fellesfrukost med rettar frå Ukraina på Gjesdal gjestgivargard i Ålgård i Rogaland i mars 2022.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Men ennå er det berre 15 prosent av dei ukrainske flyktningane som er i jobb i Rogaland. I heile landet er det litt fleire, om lag 17 prosent.

Dei låge prosenttala uroar likevel ikkje Nav-direktør seier Nav-direktør i Rogaland, Merethe P. Haftorsen, altfor mykje.

– Andelen som kjem i arbeid etter at dei har fullført introduksjonsprogrammet, er stigande, seier ho, men understrekar at talet nå er for lågt.

– Me står på for å få fleire i arbeid, seier Haftorsen, som også meiner at nøkkelen er å lære seg norsk.

Merethe Haftorsen, direktør Nav Rogaland

Nav-direktør i Rogaland, Merethe P. Haftorsen.

Foto: Nav Rogaland

Nær 60 prosent av dei om lag 70.000 ukrainske flyktningane i Noreg per 31. desember 2023 har utdanning på universitetsnivå. Men ikkje alltid på område som norsk næringsliv spør etter.

Jussen er for eksempel annleis i Ukraina, og helseutdanningar må godkjennast på nytt i Noreg.

Sjukepleiarar og legar er eksempel på yrkesgrupper som må gå gjennom lange etterutdanningar før dei kan få jobb her i landet.

Språket er viktigast

Vilde Hernes ved OsloMet

Vilde Hernes, seniorforskar, NIBR, Oslo Met.

Foto: Sonja Balci / OSLOMET

Manglande språkkunnskap er heilt klart hovudutfordringa for å få jobb, stadfestar Vilde Hernes, seniorforskar ved By- og regionforskingsinstituttet Nibr ved Oslo Met.

Ho er ansvarleg for rapporten Reception, settlement and integration of Ukrainian refugees in Norway (2022–2023) (ekstern lenke).

Det er ikkje enkelt, meiner Hernes. Ho minner om at ukrainsk har eit anna alfabet og tilhøyrer ein anna språkfamilie enn norsk.

– I tillegg er jo myten om at ukrainarar snakkar godt engelsk for lengst avkrefta, for det er berre 10 prosent som snakkar flytande, seier Hernes.

Ukrainske flyktningar står på

Men ho er ikkje med på at ukrainarane gjer ein dårleg jobb for å integrere seg.

Av dei som er ferdige med introduksjonsprogrammet, som går over eitt til to år, så er det rundt 50 prosent som enten er i jobb eller i utdanning.

Datter Viktoriia og mor Iryna

Mor og dotter Viktoriia Muziol og Iryna Kolodiazhna. Iryna brukte eit halvt år før ho forstod særleg norsk.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Hernes slår også fast at ukrainarar kjem raskare i jobb enn andre flyktninggrupper her i landet.

Men det er mange som kjem med barn. Dei skal omstille seg til eit nytt samfunn, og dei skal læra seg norsk. Då er det ikkje veldig overraskande at dette tar litt tid.

Har jobbplanane klare

Viktoriia har som mål å bli nagledesignar. Ho har ikkje utdanning på området, men ho har funne ein salong i Stavanger. Der har eigaren gitt ho ein slags praksisplass i tre månader.

Her skal ho lære seg mest mogeleg om yrket. Deretter siktar ho seg inn på eit halvt års utdanning, før ho satsar på å få fast jobb i ein salong.

Viktoriia Muziol ønsker å bli negledesigner

Viktoriia Muziol ønsker å bli nagledesignar

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Men ho veit det er langt fram. Ingen familien eller venekretsen frå Ukraina er i fast jobb ennå.

– Dei er vikar eller ekstrahjelp, seier Viktoriia.

Ho veit at mange arbeidsgjevarar krev B2-nivå på norskkunnskap før dei tilset ukrainarar. Og B2 er eit høgt nivå, som dei fleste brukar fleire år i Noreg på å oppnå, dersom dei klarer det i det heile tatt.

– Men det er mogeleg å få fast jobb. Du må berre jobbe veldig hardt, seier ho bestemt.