Hopp til innhold

250 millionar til Sørlandsbanen og Jærbanen

Regjeringa foreslår å setja av om lag 250 millionar kroner til fornyingsarbeid på Sørlands- og Jærbanen i 2017.

Tog på Stavanger stasjon

Regjeringa set av pengar til oppgradering av Sørlandsbanen/Jærbanen i statsbudsjettet.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Det er stortingsrepresentant Roy Steffensen (Frp) som kjem med lekkasjen frå regjeringa sitt forslag til statsbudsjett, som blir lagt fram torsdag:

«Store deler av den nesten 600 km lange banen er frå 1950-talet, og det pågår et omfattende arbeid med å fornye kontaktledningsanleggene. I 2017 vil 150 millioner gå til fornying av parsellen Egersund-Sira, i tillegg til at det vil bli brukt penger på sporfornying og ballastrensing på Sørlandsbanen/Jærbanen», skriv Steffensen i ei pressemelding.

Ballastreinsing er eit viktig overbygningstiltak som blant anna reduserer risikoen for sporfeil og solslyng, og gir auka komfort for dei reisande.

I tillegg til desse 150 millionane foreslår regjeringa å setja av 21 millionar kroner i investeringsmidlar til oppgradering av kontaktleidningsnettet på strekninga Sira-Krossen til eit nyare autotransformator-system.

Dette skal mellom anna gi større overføringskapasitet i kontaktleidningsanlegget, som er nødvendig for auka togtrafikk og nyare og meir kraftkrevjande tog.

Flere nyheter fra Rogaland