Hopp til innhold

Betaler over ein halv million for ei teneste som ikkje fungerer

Skuleturen til Tarjei Håstul Flom og dei andre vgs-elevane frå Drangedal kostar skattebetalarane tusen kroner i månaden per elev. Det kan koste dyrt når turen ikkje går som planlagt.

Sørlandsbanen

VENTAR OFTE FORGJEVES: Vgs-elev Tarjei Håstul Flom fordriv ventinga på toget med musikk.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

I fjor brukte fylkeskommunen 560.000 kroner på skuleskyssen med tog for dei vidaregåande elevane frå Drangedal.

I år stig kostnaden med fire prosent.

Sven Tore Løkslid,
varaordfører(Ap), Vestfold og Telemark fylkesting

Fylkesordførar i Telemark, Sven Tore Løkslid.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Turen går mellom Drangedal, Lunde og Bø, men det er sure pengar å betale når toget ikkje går.

Då Go Ahead tok over togdrifta i 2019, var toga over 82 prosent punktlege. I fjor var dei nede i knappe 65 prosent.

– Som alle andre som betaler, så forventar du jo at du får det du betaler for. Eg må innrømme at eg blir ganske irritert, seier fylkesordførar i Telemark, Sven Tore Løkslid.

Les også Elever rammet av togforsinkelser: – Kan i verste fall stryke i fag

Tobias Nyhus på Drangedal stasjon.

Ventar i timevis

Det går føre seg eit togopprør på Sørlandet. Folk stoler ikkje på at toget kjem når det skal, og for mange er det slutt på tolmodet.

– For elevane dette gjeld er toga den beste transporten. At toget ikkje går i 2024 blir eg berre oppgitt over, seier Løkslid.

Forseinkingane på Sørlandsbanen har blitt så mange at elevar risikerer å stryke i fleire fag på grunn av høgt fråvær.

– Det har vore nokre dagar eg ikkje har kome meg på skulen. Då tapar eg mykje, seier Tarjei Håstul Flom.

Saman med fleire andre er han avhengig av tog mellom Drangedal og Lunde for å kome seg til skulen.

– Det lengste eg har sete og venta er rundt tre timar, seier han oppgitt.

Sørlandsbanen

Her sit elevane og ventar på toget som ikkje kjem.

Foto: Lars Tore Endresen / NRK

Beklagar

Fylkesordførar Sven Tore Løkslid seier det er beklageleg overfor elevane.

– Vi skal fortsetje å trykke på, både mot Go Ahead og Jernbanedirektoratet for å få dette opp å gå igjen. Dette er rett og slett ikkje haldbart.

Administrerande direktør i Go Ahead, Emil Eike innrømmer at selskapet står i ein vanskeleg situasjon.

Emil Eike, adm dir Goahead

Emil Eike er administrerande direktør i Go Ahead.

Foto: Pål Tegnander / NRK

– Det er krise, og vi beklagar til elevane. Det er feil på infrastruktur, trafikkavvikling på eit veldig belasta system, og det er tog som ikkje går som dei skal.

Han meiner løysinga er å saumfare banen.

– Vi må sjå på Sørlandsbanen med lys og lupe, og rette opp i dei infrastrukturfeila det er mogleg å gjere noko med på kort sikt. Vidare må vi sjå på ruteplanen om vi kan justere han slik at han blir meir robust. Det siste er å jobbe tett saman med Mantena som held toga ved like og Norske tog som eig dei, seier han.

Hei

Takk for at du leser. Har du tips eller innspill til denne saken eller andre ting vi bør skrive om? Send meg gjerne en e-post!