Hopp til innhold

Forseinkingar i arbeidet med Noregs atomavfall: – Skuffa over framdrifta

Det norske atomprogrammet vart avslutta i 2018. Fem år seinare er arbeidet med å fjerne dei enorme mengdene atomavfall framleis ikkje i gong.

Atomreaktor Halden.

FORSEINKA: Arbeidet med å fjerne det radioaktive avfallet og demonteringa av atomreaktoren i Halden lèt vente på seg.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Skal vi stadig utsette det, så har det kostnaden sin i form av tapt kompetanse og aldring av anlegga, seier Pål Mikkelsen.

Han er direktør for Norsk nukleær dekommisjonering (NND), som har ansvar for å ta hand om menneskeskapt radioaktivt avfall i Noreg.

Det radioaktive avfallet skal fjernast frå Noregs einaste atomreaktorar i Halden og på Kjeller. Men det er lettare sagt enn gjort.

– Det krev ganske omfattande utgreiingar før vi kan setje i gang demonteringa, seier administrerande direktør Nils Morten Huseby ved Institutt for energiteknikk.

Noreg har forska på atomkraft i 75 år. Men la i 2018 ned atomprogrammet.

Likevel kostar det ifølgje NND framleis rundt éin million kroner kvar einaste dag å halde ved like og passe på restane av aktiviteten.

– Vi har demontert noko av forskingsutstyret, men vi har ikkje byrja å demontere anlegget enno, seier Huseby.

I forslaget sitt til statsbudsjett har regjeringa auka løyvinga til Direktoratet for strålevern og atomtryggleik med 15 millionar kroner. Det skal brukast til råd, rettleiing og styresmaktsutøving knytt til avviklinga atomanlegga.

Tek tid

Noreg har til saman hatt fire atomreaktorar. Tre på Kjeller og éin i Halden. Desse er ikkje lenger i bruk.

Sjølve reaktoren i Halden og det radioaktive avfallet skal på sikt fjernast. Reaktorane skal overførast til den statlege etaten NND, som er underlagt Nærings- og fiskeridepartementet.

Haldenreaktoren.

Slik ser det ut omtrent 100 meter inn i Månefjellet i Halden. Sjølve reaktoren er gøymd under golvet. Biletet er teke i 2020.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Dei skal gjere sjølve demonteringa, men no fryktar dei at dei vil miste viktig personell medan prosjektet haler ut i tid.

– Vi veit at anlegga blir eldre år for år, folk går i pensjon eller sluttar av andre årsaker, seier Mikkelsen i NND.

Det er venta at arbeidet med å dekommisjonere det norske kjernereaktorane vil ta 20 til 25 år.

At det tek så langt tid å komme i gang med arbeidet bekymrar også leiaren av næringskomiteen på Stortinget.

Både regjeringa og Stortinget generelt er nok litt skuffa over framdriftsfarten. Ein er overoptimistisk på tidsaspektet, seier Willfred Nordlund leiar av næringskomiteen (Sp).

Les også Jakter på fast fjell som kan skjerme atomavfall fra nye istider

Geolog Øystein Nordgulen utforsker steiner i Halden.

Tonnevis med høgaktivt avfall

NND har også eit ønske om å komme i gang snart, men samtidig understrekar Mikkelsen at dei må vere sikre på at arbeidet blir gjennomført på ein forsvarleg måte.

Pål Mikkelsen er direktør for Norsk Nukleær Dekommisjonering (NND.

Pål Mikkelsen er direktør for NND.

Foto: Lars Håkon Pedersen / NRK

– Vi må heile tida gjere det på ein så god måte at vi tek vare på tryggleiken

samtidig, seier han.

For dei må finne ut kvar kjernebrenselet kan lagrast permanent.

Noreg har nesten 17 tonn med høgaktivt avfall, som på ingen måte er mogleg å kaste på næraste søppelfylling.

I Halden ligg reaktoren inne i eit fjell. Både reaktoren og avfall skal fjernast.

Området skal kunne brukast til andre formål, seier Huseby ved Institutt for energiteknikk.

Men kvar alt dette avfallet vil hamne til slutt er ikkje bestemt enno. Det har til no vore gjennomført undersøkingar for ein varig lagringsstad i Halden og Aremark i Østfold.

Totalt kan arbeidet med å rydde opp koste rundt 21 milliardar kroner.

Ein er overoptimistisk på tidsaspektet, men eg er trygg på at vi landa dette godt, seier Nordlund i næringskomiteen.

Les også Halden vurderer lagring av atomavfall

Tønne med atomavfall.