Hopp til innhold

Matoljesølet i Glomma: – Openbert ikkje gjort nok for å avgrense moglegheitene for skade

No skal politiet granske korleis 20.000 liter soyaolje kunne hamne rett ut i Glomma.

Utslipp Øra

Tusenvis av liter med soyaolje har vorte henta opp frå Glomma etter utsleppet frå Øra i Fredrikstad tysdag.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Natt til tysdag rann rundt 20.000 liter med soyaolje ut i Glomma.

Matolja lak ut frå ein manuell ventil på fabrikken til industribedrifta Denofa på Øra i Fredrikstad.

Politiet granskar no korleis utsleppet kunne skje.

Miljødirektoratet ventar på undersøkingane av utsleppet, men stiller seg uansett kritiske til at Glomma vart fylt med soyaolje.

Når slikt skjer så har dei openbert ikkje gjort nok for å avgrense moglegheitene for skade og ulempe, seier seksjonsleiar i Miljødirektoratet Harald Sørby.

matoljesøl i Glomma

Naturvernforbundet har meldt soyaolje-utsleppet.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Ingen løpande inspeksjon

Denofa anslår at 75 prosent av matolja som lak ut i Glomma er henta opp igjen.

Det store spørsmålet er om utsleppet kunne vore unngått, og om kontrollane var gode nok då feilen var eit faktum.

Det er noko som granskinga openbert vil fastslå om stemmer, seier fabrikkdirektør Torgeir Hjertaker.

Utslipp Øra

Fabrikkdirektør i Denofa Torgeir Hjertaker håpar undersøkingane til politiet kan gi svar på sentrale spørsmål.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Soyaolja lak ut frå ein manuell ventil som stod open. Denne ventilen skulle ha vore stengd.

Matolja skulle ha gått til ein tank, men gjekk i staden via eit reinseanlegg og rett ut i Glomma.

Dette går i røyr både til og frå reinseanlegget. Det er ingen løpande visuell inspeksjon av dette, seier Hjertaker i Denofa.

Les også Fugler skadet etter utslipp av soyaolje: Kan dø av nedkjøling

Skadet fugl

– Vi er positive

Brannvesenet har sidan natt til tysdag jobba med å avgrense skadane.

Vi held fram med å forsterke systema våre, så vi framleis kan ta imot olja som er igjen, seier innsatsleiar i Fredrikstad brannvesen Jørn Krogfoss.

Utslipp Øra

Utsleppet er mest farleg for dyr, ifølgje innsatsleiar i Fredrikstad brannvesen Jørn Krogfoss.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

No har dei samla opp det meste av matolja som hamna ut i sjøen.

– Vi er positive og gir full gass, seier Krogfoss.

Melde utsleppet

Oljesølet er i nærleiken av eit fuglereservat og så langt har fleire fuglar vorte skadde av uhellet.

Skadet fugl på Øra i Fredrikstad etter utslippet av soya.

Fleire fuglar har vorte skadde av soyaolje-utsleppet.

Foto: Even Bjøringsøy Johnsen / NRK

Tysdag melde Naturvernforbundet utsleppet. Det er viktig at slike hendingar blir møtte med straff, meiner leiar Truls Gulowsen.

– Det har ei betydeleg allmennpreventiv betydning at verksemder med forureiningsrisiko risikerer strafferettslege reaksjonar dersom dei ikkje er tilstrekkeleg aktsame og sørgjer for tiltak for å unngå slike utslepp.

Les også Stort utslepp av soyaolje trua fuglereservat i Fredrikstad

Utslipp Øra