Hopp til innhold

Krigen i Ukraina: Tomhylser blir gjorde om til kunst

Ein kontrast mellom det brutale og det vakre. I Ukraina blir det laga kunst av tomhylser for å fortelje ei historie for ettertida.

En tomhylse

SOLSIKKER: Solsikker openberrar seg i ei tomhylse frå Ukraina.

Foto: Caroline Bergli Tolfsen / NRK

– For mange vart kunst ei form for meditasjon for å handtere det som skjer, seier fotograf Maria Shevchenko.

Ho drog frå heimbyen Kyiv då invasjonen var eit faktum.

Etter seks månader drog ho tilbake og tok bilete av øydeleggingane.

– Øydeleggingane gjekk djupt inn på meg og det er jo ikkje over. Det held berre fram. Vi håpar berre at det skal ta slutt.

Maria Shevchenko

Øydeleggingane i heimlandet har gjort sterke inntrykk på Maria Shevchenko.

Foto: Caroline Bergli Tolfsen / NRK

Maria er ein av fleire kunsthandverkarar som viser fram tradisjonell ukrainsk kunst på Fredrikstad museum denne veka.

Tradisjonell kunst og handverk er viktig for det ukrainske folket, fortel ho.

Også forsvarsmateriell blir brukt til å lage kunst no. Tomhylser blir dekorerte, mellom anna med Ukrainas nasjonalblomster, solsikker.

– Folk lagar kunst av tomhylser som dei sel vidare. Dei får inn donasjonar som går til forsvaret.

Les også Nå kommer det mer enn tusen flyktninger i uken

Nasjonalt mottakssenter i Råde

Målar militærhjelmar i sterke fargar

Maryna Huba er lærar og målar. Ho har teke med seg store mengder med måla tallerkenar, trekasser og små bilete.

Ein måleteknikk som er nokon hundre år gammal.

På bordet står også militærhjelmar og kokekar for feltrasjonar, måla med sterke fargar.

Maryna Huba

Maryna Huba fortel at ho har besøkt soldatar på sjukehuset og måla saman med dei.

Foto: Caroline Bergli Tolfsen / NRK

Dette er dei tradisjonelle fargane våre – det er reine fargar. Sterke, vakre fargar som gir oss og andre glede, seier ho.

Fleire av dei NRK snakkar med fortel at viktige kunst og kulturminne har gått tapt i krigen.

Shevchenko seier at dei gjer det dei kan for å bevare det.

– Vi gjer vårt beste for å bevare og digitalisere kulturarven vår. Vi håpar at det som er igjen, vil vere trygt.

Ukrainsk tradisjonell maling

En militærhjelm malt i en tradisjonell, ukrainsk malestil som kalles Petrykivka.

Malte egg fra Ukraina

Gjennom århundrer har det ukrainske folket malt egg. Dette kalles Pysanka. Dekorasjonene lages med voks. Hvert egg representerer en region i Ukraina.

Kunst av tomhylser

Svart-hvitt fotografier av krigens ødeleggelser i Ukraina og dekorerte tomhylser.

Mykje blir øydelagt og stole i krig

– Det er stoltheita i nasjonen og har kanskje stått der i hundreår, og er laga av dei beste av dei beste. Det har ein enorm symbolverdi, kjensleverdi og affeksjonsverdi, seier Anita Kongssund.

Ho jobbar som forskingsarkivar ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design. Historisk har ein sett at kunst og kulturminne blir øydelagde og stolne i krig.

– Det er ganske vanleg å bruke kulturminne som ein strategi i erobring av eit land viss ein går til angrepskrig eller tek hemn til dømes. Nazistane var det store dømet på det.

Anita Kongssund trenger hjelp

Forskingsarkivar ved Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Anita Kongssund.

Foto: Joakim Pedersen / NRK

I Noreg under andre verdskrigen vart det sett i verk organiserte tiltak for å sikre kunst og kulturskattar.

Kongssund meiner også at kunnskap om kunst og tradisjonelt handverk kan bli trua av krig.

– Når det gjeld tradisjonshandverk vil eg tru det er ein fare for at viktig kunnskap kan gå tapt. Det er ikkje usannsynleg.

Les også Mistet 13 slektninger i israelsk angrep: – De ligger i ruinene fortsatt

Fuad Timraz. En mann med briller og alvorlig uttrykk. I brillene syns gjenskinnet av en TV-skjerm.