Hopp til innhold

Meiner miljøkrav slår urettferdig ut

For å redde Oslofjorden er det fleire bønder som ikkje får så korn om hausten. Dette er ekstra ille nå som det er så tørt, meiner bondelagsleiar.

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Det er ikkje liv i det heile tatt. Det ligg korn der, men det har ikkje spira.

Bondelagsleiaren i Marker, Sven-Ole Nesset, fortviler over sine knusktørre jorde. Det er ikkje antydning til noko som minner om grøne spirer i jorda.

Han meiner situasjonen ikkje berre skuldast mangelen på regnvêr.

Nesten halvparten av åkeren til Nesset kjem under regionale miljøkrav. Ifølge krava har han ikkje lov til å pløye eller så korn om hausten.

Bondelagsleiar Sven-Ole Nesset i heilfigur.

Bondelagsleiar i Marker, Sven-Ole Nesset, er oppgitt over miljøkrav.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

Jorda hans ligg i nærleiken av Haldenvassdraget. Vatnet renn sørover og endar i Iddefjorden ikkje langt frå innseglinga til Oslofjorden.

Avrenning frå jordbruk er ein av dei store forureiningskjeldene i Oslofjorden. Med å ikkje pløye om hausten, blir forureininga redusert fordi færre skadelege næringsstoff og jordpartiklar renner ut i elver og vassdrag.

I praksis betyr det at eg ikkje får den avlinga eg vanlegvis får når eg kan så haustkorn, seier Nesset.

Femårig plan

I 2021 blei det lagt fram ein femårig plan for at Oslofjorden skal få ein god miljøstand. Planen inneheld 63 konkrete tiltak, og 19 kunnskapstiltak.

Nesset erkjenner at forureining er eit problem, men meiner at krava gjer at nokre bønder i Oslo og Viken blir ramma dobbelt når det er tørke.

– Me er veldig utsett. Sånn som me har fått det i år med tørke så slit me med å få det til å spire.

Tørr, grå jord

Jorda på åkeren til Sven-Ole Nesset er det ikkje mykje liv i.

Foto: Stein Ove Korneliussen / NRK

– Riktig for dei aller fleste

Divisjonsdirektør i Nibio, Thomas Hartnik, erkjenner at krava går utover nokre bønder økonomisk.

Thomas Hartnik

Thomas Hartnik er divisjonsdirektør i Nibio. Han erkjenner at miljøkrava går utover nokre bønder økonomisk

Foto: Hanna Huglen Revheim/NRK

– Det er ikkje sånn at det er det riktige på alle område, men det er riktig for dei aller fleste at ein innfører miljøtiltak.

– Då kan ein stimulere gjennom tilskot til å bidra til ein litt meir miljø- og klimavennleg retning, seier Hartnik.

Nesset meiner miljøkrava slår urettferdig ut.

– Me har gjort fleire tiltak som er gjennomført over fleire år. Me har gjort det me kan for å ta vare på jorda vår så godt me kan. Likevel får me miljøkrav på oss.

Les også Fritidsbåter dumpes i sjøen: Regjeringen vil ha nytt båtregister

Bilde av båter på havbunden i Oslofjorden.

Les også Bønder frastjålet verdier for over 1 million kroner

Overvåkningsbilde: Tyver går inn i en traktor og stjeler en GPS.