Hopp til innhold

Glas på vedomn eksploderte: – Hadde englevakt

May Britt var få centimeter unna å få glasbitar rett i ansiktet. Eksplosjonen skulle aldri skjedd, seier leverandøren.

May Britt Reneé Dale og knust glass på gulvet etter at peisen i stua eksploderte.

May Britt Reneé Dale blei skremt då sikringsglaset på den eine sida av omnen eksploderte, og bitar av glas landa opptil seks meter frå vedomnen.

Foto: Julie Helene Günther / NRK

– Det eksploderte! Det var eit svært smell, så flaug det glas over heile stua, seier May Britt Reneé Dale.

Tysdag skulle mossingen berre fylle på ved i omnen. Plutseleg small det.

Sikringsglaset på den eine sida av omnen eksploderte.

– Viss det hadde eksplodert eitt minutt før, så hadde eg hatt glas-skar over heile meg. Eg tør ikkje tenke på det, seier Dale.

– Eg trur eg har hatt englevakt.

Ho reknar med at fleire glas-skar landa opptil seks meter frå vedomnen. Nokon hamna rett oppi matskålene til hunden og kattane.

Sideglasset på vedovnen eksploderte i stua til May Britt i Moss.

Sideglaset på vedomnen eksploderte i stua til May Britt i Moss.

Vil åtvare andre

Vedomnen er kjøpt på Coop Obs Bygg i Moss. Dale hadde ønskt seg ny vedomn lenge, og fall pladask for han.

Omnen blei installert for få månader sidan.

May-Britt har samlet alt glasskåret i en eske.

May Britt måtte plukke opp store mengder glas-skar etter at glaset på vedomnen eksploderte.

Foto: Julie Helene Günther / NRK

Son hennar og dyra pleier å ligge med pledd rett ved omnen. Det er ho takksam for at dei ikkje gjorde denne gongen.

– Dette er jo farleg. Barn som kan legge seg med teiknesaker og pledd framfor omnen, og så kan dette skje.

Les også Ser en økning i branner fra elsparkesykler: – Vi er bekymret

Garasjebrann i i Østgårdveien i Fredrikstad.

Beklagar på det sterkaste

Like etter hendinga drog ektemannen til May Britt tilbake til butikken der dei kjøpte vedomnen. Han fortel at dei blei godt tatt i mot av butikken.

Bilde av glasskår som har knust fra peisen.

Det var den ytste delen av omnen som knuste.

Foto: May Britt Reneè Dale / Privat

– Vi beklagar på det sterkaste at kunden fekk ei slik oppleving, og vi er veldig glade for at kunden kom uskadd frå hendinga, seier Simen Kjønnås Thorsen, kommunikasjonsrådgivar i Coop Norge.

Han seier det er for tidleg å seie kva som kan vere årsaka til at vedomnen eksploderte.

Skal sendast til analyse

Leverandøren av vedomnen er Visionline. Dei har aldri opplevde ei så omfattande hending tidlegare.

– Det skal ikkje skje at glas eksploderer, som skal ha skjedd her. Vi beklagar på det sterkaste at kunden har hatt ei skremmande oppleving med produktet vårt, seier Vegar Hellgren, dagleg leiar i VL Produksjon AS.

Han fortel at dei nå skal sende vedomnen til analyse.

Ei mogleg årsak til eksplosjonen kan vere at vedomnen har fått eit kakk i glaset under transport, handtering eller montering. Glaset kan også ha stått i spenn.

Bilde av peisen til May Britt, og deler av stuen.

Vedomnen har doble sideglas. Ifølge leverandøren er innerglaset keramisk glas og vil aldri kunne eksplodere. Dermed så vil det ikkje kunne komme til open flamme. Ytterglasa er av herda glas.

Foto: Julie Helene Günther / NRK

– Kunden bruker peisen som hovudoppvarmingskjelde, så vi må sørge for at dei får eit produkt dei er fornøgde med og trygge på, seier Hallgren.

May Britt Reneé Dale er glad for at ingen kom til skade i eksplosjonen. Familien skal snart få ein ny vedomn i stua.