– Når ein barnefamilie er på shopping, skal dei føle seg trygge på at politiet kjem raskt til staden og at politiet er utrusta på same nivå som det dei møter. Då er det jo ikkje tid til å hente våpen slik ein må gjere no, seier Liv Gustavsen (Frp) i Stortingets justiskomite.
Frp har lenge vore tilhengar av ei generell væpning av politiet.
Når dei no har blitt samde med Høgre og Venstre om ei regjeringsplattform, handlar det ikkje om at politiet alltid skal gå med våpen, men på utvalde sårbare stader.
Ifølgje Frps Liv Gustavsen frå Akershus kan det gjelde Sandvika Storsenter, Norwegian Wood, Norges Varemesse, Telenor Arena eller Oslo Maraton.
– Når eg spring Oslo Maraton til hausten, vil det vere mykje folk i byen. Då hadde det vore ein tryggleik både for oss som deltek og for folk flest, å vite at politiet er væpna.
Fryktar snikinnføring av politivæpning
I regjeringsplattforma står det at dei blågrøne vil «opne for å gi punktbevæpning på sårbare stader etter risiko- og sårbarheitsanalyse».
– Frp er jo for ei væpning av politiet, så når vi no møter Venstre med å gå inn for punktvæpning, er det eit steg i riktig retning, meiner Gustavsen.
SV fryktar derimot at meir punktvæpning vil føre til "snikinnføring" av permanent væpning.
Det seier Petter Eide som også sit i justiskomiteen på Stortinget.
– Vi er tilhengarar av punktvæpning dersom PST kan påvise ein konkret risiko, det er ikkje tilstrekkeleg at det er ein stad med mykje folk. Å innføre punktvæpning utan ein slik påvist risiko, vil vere i strid med regjeringserklæringa.
I november fekk politiet på Oslo Lufthavn dispensasjon til å gå med våpen. Ordninga gjaldt i tre månader, men kan forlengast åtte veker i slengen.
Den gongen sa dåverande justisminister at dei jobba med å gjere endringar i Politilova slik at dei raskare skulle kunne innføre punktvæpning.
Det er uklart når justisdepartementet kjem med sak til Stortinget om væpning.