Hopp til innhold

Vil ha i gang Ringeriksbana

SV vil at regjeringa startar med bygginga av Ringeriksbana.

Det er sett av ein halv milliard kroner på statsbudsjettet for planlegging av ny jernbane og ny motorveg frå Bærum til Hønefoss, men prosjektet er utsett fleire gonger dei siste åra.

I forhandlingane med regjeringa om revidert nasjonalbudsjett vil SV krevje at den halve milliarden brukast til fysisk oppstart av arbeidet, seier Mona Fagerås til NRK.