Hopp til innhold

UDI slakta forholda på flyktningmottak – gav likevel ny kontrakt

Lite og dårleg mat, flyktningar som blei sjuke og personar som blei borte. Slik blir forholda beskrivne på akuttmottaket på Tøyen i Oslo.

Hotellet Super Stay på Tøyen i Oslo avbildet på avstand. Hotellet er i teglstegn med store gamle vinduer langs fasaden.

Hotellet Super Stay på Tøyen var mottak for flyktningar.

Foto: Nadir Alam / NRK

Folk gret og rasa, mange gjekk ned i vekt, dei åt ikkje. Nokon kasta opp.

Beskrivingane handlar om flyktningar plasserte på eit hotell på Tøyen i Oslo. Dei fleste kom frå Ukraina.

Eit hotell gjort om til eit mottak.

Men det var ikkje berre maten som var problemet.

Dei som dreiv mottaket, visste ikkje kor folk var. Flyktningane fekk ikkje pengar dei hadde krav på.

Mange blei buande der mykje lenger enn dei trong, fordi mottaket ikkje skaffa dei transport til deira nye heimar.

Alt dette meiner UDI har skjedd.

Likevel gav dei mottaket ein ny og lengre kontrakt for å husa flyktningar.

Først då NRK tok kontakt, skjedde det noko.

Hotellet som blei flyktningmottak

Hotellet Super Stay på Tøyen i Oslo blei i april 2022 gjort om til akuttinnkvartering for flyktningar.

På denne tida fører krigen i Ukraina eit hundretals ukrainarar til Noreg dagleg.

For eigarane av Super Stay AS blir dette ei moglegheit for å tena gode pengar.

Kva Super Stay meiner om påstandane kan du lesa lengre nede i saka.

To månadar etter at krigen startar, tar mottaket deira mot dei første flyktningane på vegner av UDI.

For dette får Super Stay 92 millionar kroner dei neste ni månadane.

Men det tar ikkje lang tid før dei første bekymringsmeldingane om mottaket kjem.

I eit brev som UDI har skrive sjølv, beskriv dei korleis dei meiner det var der. Dei har snakka med både folk som budde der og folk som jobba der.

Logoen til Super Stay på Kampen i Oslo. Hotellet Super Stay på Tøyen i Oslo avbildet på nært hold. Hotellet er i teglstegn med store gamle vinduer langs fasaden.

UDI byrja å sjå nærmare på drifta av mottaket etter at det kom inn fleire bekymringsmeldingar.

Foto: Nadir Alam / NRK

For lite og dårleg mat

Mange var spesielt bekymra for maten dei fekk servert.

Ein av dei som budde der, fortalde UDI at det ikkje var mogleg å eta maten.

«Nokon kasta opp og hadde problem med magen. Me måtte kjøpa maten sjølv fleire gongar».

Maten var ikkje tilpassa sjuke, gamle, allergikarar og barn, ifølge UDI.

Det førte til at fleire fekk diaré og allergiske reaksjonar og slutta å eta maten.

«Eit barn med stort pleiebehov heldt seg på rommet og kom ikkje for å eta. Eg trur ikkje at barnet blei evaluert av legen», står det i brevet frå UDI.

Det er ein tidlegare tilsett som har sagt dette.

Konflikt om fleire titals millionar

For maten som blei servert, har mottaket fått over 24 millionar kroner.

Men når UDI oppdagar kor dårleg maten er, vil dei ha pengar tilbake.

Dei meiner mellom anna at maten er så enkel at han bryt med avtala. Dei krev derfor å få igjen 8,6 millionar kroner.

Samtidig har også Arbeidstilsynet tilsyn på mottaket.

Dei ser mellom anna på arbeidstida til dei tilsette og varsla tvangsmulkt for mangel på verneombod.

Dette er langt frå den einaste feilen mottaket har gjort, meiner UDI:

BIlder av to menn inne i et mottak. Han ene holder en pengeseddel i hånda

Flyktningar fekk ikkje pengar dei hadde krav på

Alle flyktningar har krav på eit fast beløp i månaden til sine eigne utgifter. Det er mottaket som skal dela ut pengane.

På Super Stay skal fleire flyktningar ikkje ha fått pengar.

Andre skal ikkje ha fått hjelp til å betala fakturaar som hadde gått til inkasso.

Et mottak, med en illustrasjon av et id-kort.

Flyktningar blei feilregistrert

Det var fleire tilfelle kor flyktningar blei feilregistrert på mottaket.

Blant anna var ein person registrert på mottaket i meir enn to månadar etter at han blei busett i ein kommune.

To menn går ut av et mottak

Hadde ikkje oversikt over kor flyktningane var

Super Stay skal ikkje ha hatt full oversikt over flyktningane på mottaket.

Ifølge UDI skal Super Stay ha oversett at personar forlet mottaket i fleire dagar eller veker.

Dei skal heller ikkje ha varsla UDI når personar var borte i meir enn tre dagar.

Illustrasjon av en mann som venter på et sted å bo

Brukte for lang tid på å busetta flyktningar

Både UDI og fleire bydelar i Oslo meiner at mottaket var lite tilgjengelege i arbeidet med å busetta flyktningar.

Fleire flyktningar som hadde fått ein stad å bu, blei buande på mottaket i veker og månadar ekstra.

Grunnen var at mottaket ikkje hadde fiksa transport.

Illustrasjon av ulovlig arbeidsavtale

Skal ha brukt falske og ulovlege arbeidsavtalar

Ifølge UDI skal dei ha blitt varsla om at nokre av arbeidskontraktane på mottaket var falske.

Ein tilsett skal også ha fått kortare oppseiingstid enn det som er lovleg.

I tillegg vil UDI ha tilbake 9 millionar kroner for det dei kallar «misleghald av avtala».

Dei held også tilbake 13 millionar kroner, som mottaket eigentleg skulle hatt.

Det gjer at Super Stay i sommar trua med å saksøka UDI.

UDI var kjente med feila, men gav ny kontrakt

Likevel låg dei neste åra an til å bli lukrative for eigarane av mottaket.

I oktober i år gjekk UDI ut med at dei hadde inngått 33 nye rammeavtaler om akuttinnkvartering av flyktningar.

Super Stay var blant dei.

Dei fekk ei avtale potensielt verd fleire hundre millionar kroner.

Sjølv om UDI meinte det gjekk dårleg førre gong dei tok imot flyktningar ved mottaket.

Også Fair Play Bygg Oslo og Omegn, som jobbar med å avdekka arbeidslivskriminalitet, varsla om Super Stay.

Varsla enda til slutt hos blant anna Arbeidstilsynet og Justisdepartementet.

– Me varsla om forholda og eigarane til fleire etatar. Så det var overraskande at dei då fekk ein ny og lengre avtale av UDI.

Det seier dagleg leiar, Lars Mamen.

Portrettbilde av daglig leder i Fair Play bygg Oslo og Omegn, Lars Mamen.

Dagleg leiar i Fair Play Bygg, Lars Mamen, varsla om Super Stay til blant anna Arbeidstilsynet.

Foto: Nadir Alam / NRK

Men så tok NRK kontakt ...

To dagar etter at avtala blei kjent, tok me i NRK kontakt med UDI.

Me ville vita kvifor Super Stay hadde fått ei ny avtale.

Me bad UDI stilla til intervju. Dei svarer berre på e-post.

Etter det har UDI vore travle med å distansera seg frå mottaket.

Vel ei veke etter tar nemleg saka ei ny vending. UDI seier opp den ferske avtala med Super Stay.

Samtidig saksøker dei eigarane.

Så kvifor gav dei Super Stay ei ny avtale i det heile tatt?

Forklaringa me har fått, er at behovet for stadar å ta imot flyktningar var akutt:

Me har etter e-posten igjen spurt om UDI kan stilla til intervju.

Fire veker etter første gong me bad om eit intervju gir dei endeleg avslag.

Dei seier at dei ikkje vil prata med oss fordi det er ei pågåande sak.

Dagleg leiar i Super Stay, Guru Karam Vir Singh Randhawa har gjennom advokat Helge Skogset Berg bekrefta at UDI har saksøkt dei.

I ein e-post seier Berg at dei er ueinige i kravet frå UDI.

Advokaten til Super Stay har fått lagt fram alle påstandane UDI kjem med.

Men dei vil ikkje kommentere saka, sidan ho skal opp i retten.

Dette er dei viktige datoane

UDI og Super Stay inngår ein ny rammeavtale som kan vara i opp til fem år. Det trass i at dei er i konflikt over den førre avtala. Veker etterpå avsluttar UDI kontrakten og stemnar Super Stay. Nå skal saka opp i domstolen.

Super Stay AS gjekk 700.000 kroner i underskot i 2021.

Året etter, då dei dreiv mottak for UDI, tente selskapet 46 millionar kroner før skatt.

Nå er Super Stay eit hotell igjen.

Kva som blir enden på konflikten er det nå opp til rettssystemet å avgjera.

Hei!

Har du tanker om saken, eller har du et tips å komme med? Send oss gjerne en e-post.