Hopp til innhold

Har selt ut Lerkendal tre gonger, no skal Åge erobre hovudstaden

På avskjedsturnéen for Åge Aleksandersen og Sambandet vil trønderkongen fylle Voldsløkka til randa.

GJER SOM EMINEM: På avskjedsturnéen med Sambandet vil Åge Aleksandersen gjere som Eminem – å fylle Voldsløkka til konsert.

– Eg tenker at dette er jævlig svært, seier Åge Aleksandersen.

Konserten blir Åge sin største konsert nokosinne.

Dermed vil Åge gjere som Eminem og Bruce Springsteen har gjort før han: fylle Oslos største konsertarena.

28. juni 2025 speler Åge Aleksandersen og Sambandet sin siste konsert i Oslo, på Voldsløkka. Det er plass til om lag 50.000 i publikum på arenaen.

– Eg følte meg liten då eg gjekk ut på grasmatta her, seier Åge om den store arenaen.

Billettane til konserten kjem for sal måndag 17. juni, opplyser All Things Live.

Åge Aleksandersen på Voldsløkka.

Åge skal spele på Voldsløkka på avslutningsturnéen med Sambandet, sommaren 2025.

Foto: Linda Marie Vedeler / NRK

– Dette er svære greier

2025 blir siste året med turné for Åge Aleksandersen og Sambandet. Og no er det klart at siste konsert i hovudstaden går av stabelen 28. juni til neste år.

– Dette er svære greier, det må eg innrømme.

– Kan det komme nokre tårer på slutten?

– Det kan det sikkert. Det gjer det til meg heile tida, seier artisten om sine siste konsertar med gjengen i Sambandet.

Åge Aleksandersen skal spille konsert med Sambandet på Voldsløkka i Oslo 28. juni 2025.

Åge Aleksandersen og Sambandet er klar med sin siste konsert i Oslo.

Foto: Linda Marie Vedeler / NRK

Artisten seier han er heilt sikker på at det er rett å gje seg med turnélivet med sambandet.

– Eg er litt skeptisk i utgangspunktet, men samtidig synest eg det er stilig at me gjer det på denne måten. Eg gler meg veldig.

Aleksandersen seier det er stort, men har ikkje tankar om kor mange som kjem til å komme på konserten.

– Me kan love at dei som kjem hit på Voldsløkka skal få valuta for pengane. Og kor mange det blir har ikkje eg noko med å gjere.

Les også Solgte ut konsert på fire minutter – nå blir det nok en konsert med Åge og Sambandet

Åge Aleksandersen på Lerkendal

Selde ut tre gongar Lerkendal på få minutt

Den første konserten blei seld ut på 14 minutt, så blei den andre konserten utseld på berre fire minutt.

Billettane til den tredje konsert på Rosenborg sin heimebane forsvann om lag like fort.

Åge Aleksandersen og Sambandet på Lerkendal.

Åge Aleksandersen og Sambandet på Lerkendal.

Foto: Jøte Toftaker / NRK

– Dette slår absolutt alle rekordar. Det er ubeskriveleg.

Det sa Stein Vanebo i Trondheim Stage til NRK like etter at alle billettane til den tredje konserten var utseld.

Totalt er det seld 75.000 billettar til Åge og Sambandet sine avskjedskonsertar på Lerkendal.

Les også Åge har spilt over 5000 konserter: – At vi overlevde!

Åge Aleksandersen i Lakselv i 1985

2025 blir slutten for Åge og Sambandet

Neste år er det slutt. Det har vore kjent lenge. Konsertane med «Sambandet» blir historie. Dei vann Spellemannpris saman i 1980, og heldt på i nokre år før dei tok ein lengre pause.

Åge Aleksandersen og Sambandet – «Bjørnen sover»

Åge Aleksandersen og Sambandet deltok i Melodi Grand Prix i 1980 med låten «Bjørnen sover».

Foto: NRK

Sidan 2003 har dei halde det gåande.

Men det går ikkje stille for seg når eit rikt turnéliv skal avsluttast.

4.–6. september 2025 skal dei fylle Lerkendal stadion til randa som ein siste avskjed.

– Eg kjem nok til å fortsette å spele litt med TrondheimSolistene og litt akustiske greier, men for Sambandet og meg er dette siste konsert i Oslo, seier artisten.

Les også Åge Aleksandersen avslutter turnélivet i 2025

Åge Aleksandersen står i kontoret sitt på Brattøra i Trondheim