– Highfive for bra opplegg!
To flyktningar gliser, og klappar hendene saman.
På eine sida av bordet sit Robel Mehari (32). Han kom til Noreg frå Eritrea for 13 år sidan. Det norske språket var vanskeleg å lære seg. Han kvidde seg skikkeleg for å prate norsk, men nå snakkar han nesten flytande.
På den andre sida sit Victoria Izotova (23). Ho kom til Noreg og Modum frå Ukraina for eitt år sidan. Språket er den største utfordringa i kvardagen hennar. På vaksenopplæringa fekk ho ei litt spesiell oppgåve.
Dei nye norskelevane skulle intervjue tidlegare flyktningar – på norsk. Ei oppgåve som slett ikkje var lett, men som skulle vise seg å vere svært vellykka.
Ei vellykka norskoppgåve
– Det er vanskeleg å lære seg norsk, synest Victoria Izotova.
Men ho jobbar hardt, og gjer seg forstått. Skoleoppgåva gav henne inspirasjon.
Dette er nokre av spørsmåla ho stilte:
– Dette har vore veldig interessant og nyttig, for nå forstår eg at eg kan lære meg godt norsk. Det er kult å sjå at andre menneske har klart det før meg, seier ho.
For å trene seg i språket har Victoria også brukt mykje tid på å sjå norsk TV. Ho har også vore på biblioteket for å låne lettlesne bøker.






– Kast deg ut i det og berre begynn å snakk norsk så fort du kan, er Robels råd til nye i landet.
Gunn Hege Ramberg er lærar ved Voksenopplæringen.
Foto: Modum kommune– Eg har fått supre tilbakemeldingar frå elevane. Dei seier at dette har vore lærerikt, og er ein motiverande måte å lære norsk på. Dessutan har elevane sagt at dei har blitt inspirerte av å høyre andre flyktningars historie, seier Gunn Hege Ramberg, som er lærar på vaksenopplæringa.
Dette kjem Modum kommune til å gjere meir av.
– Ikkje berre har dei lært meir norsk. Dei har også fått vite korleis det har gått med dei flyktningane som kom før dei, seier Eivind Kopland.
Han jobbar som kommunikasjonsrådgivar i Modum kommune.
Robel har fått fast jobb
Modum skal ta imot 90 flyktningar i år, og vel halvparten er allereie på plass.
I ein ny rapport frå Oslomet kjem det fram at ukrainske flyktningar ikkje har vore så enkle å integrere som først trudd.
Blant anna på grunn av språkproblem. 6 av 10 ukrainarar i Noreg snakkar ikkje engelsk.
Robel innrømmer at det var språket som var vanskelegast å lære seg. Han kvidde seg i starten, og snakka sitt eige morsmål med dei andre på norskkurset. Det var ikkje så lurt, meiner han i dag.
I dag lever han sitt beste liv i Modum. Han er gift og har tre barn, og har tatt utdanning innan data og fått fast jobb.