Sjukepleiarar provoserte over utspel om at kvinner vil jobbe mindre

Sjukepleiarane ved Drammen sjukehus reagerer på at stortingsrepresentant Jon Helgheim (Frp) meiner kvinner frå biologiens side vil jobbe mindre.

Sjukepleiarar

Kathy Lie og Trude Hansen har mange års erfaring som sjukepleiarar og er tillitsvalde ved Drammen sjukehus.

Foto: Privat

– Det er jo provoserande å høyre dette. Me ser ikkje at det finst bastant forsking som støttar det, seier Kathy Lie, sjukepleiar og tillitsvald ved Drammen sjukehus.

Stortingsrepresentant Jon Helgheim (Frp) la i går ut eit innlegg på sin Facebook-side der han slår fast at kvinners biologi får dei til å velje å jobbe mindre enn menn. Det var Dagsavisen som først skreiv om saka, som var eit svar på eit innlegg frå TV 2 journalist, Linn Wiik.

– Eg kjenner såpass mange kvinner med arbeidsevne og kapasitet langt over meg sjølv. Men me veit at det er ein del skilnader i arbeidslivet, på kor mykje ein jobbar og karrieval. Det trur eg at ein kan forklare med biologiske skilnader. Kvinner verdset andre ting enn menn, seier Helgheim til NRK.

Frp-politikaren seier til NRK at han i kommentaren meiner det motsette av at kvinner er late, og at utsegna er misforstått:

– Men dei vel slik ut frå at mange ser meir verdi i å skape eit godt heim for seg og familien enn å bruke all tid på jobb. Eg meiner vi heller bør respektere og verdsette desse vala enn å kritisere dei.

– Heilt feil, svarer Anniken Huitfeldt i Arbeidarpartiet. Se debatten frå Dagsnytt 18.

Jon Helgheim møter Anniken Huitfeldt i debatt i Dagsnytt 18

Ingen spør om deltid i mannsdominerte yrke

Som tillitsvalde for ei yrkesgruppe med mange kvinner i deltidsstillingar føler sjukepleiarane seg treft. Men kjenner seg langt ifrå igjen at det er kvinners frie val som er grunnen til forskjellane i arbeidslivet.

– Eg har tidlegare jobba i eit mannsdominert yrke som telemontør. Der var det ingen som spurde der om eg skulle ha deltidsstilling. Anten så får du jobb eller ikkje jobb. Det er slik me ynskjer det skal vere for alle, seier Lie.

– Når eg les innlegget verkar det som om han meiner me er meir late enn menn. Typiske kvinneyrke er svært fysisk krevjande, og det er mange grunnar som ligg bak til at ein ikkje jobbar fulltid, legg Trude Hansen til.

Stortingsrepresentant for Fremskrittspartiet Jon Engen-Helgheim

Jon Helgheim har provosert mange med utspelet sitt om at biologiske skilnader gjer at kvinner vil jobbe mindre enn menn.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB Scanpix

– Kan ikkje backe opp med forsking

Arnstein Mykletun er professor i psykologi og har forska på kjønnsskilnader i sjukefråveret. Han ser på det som vanskeleg å kople sjukefråvær og deltidsarbeid til biologi.

Arnstein Mykletun

– Det er vanskeleg å kople haldningar til biologi, meiner Arnstein Mykletun, som er professor i psykologi ved Folkehelseinstituttet (FHI).

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

– Det er lite av det Helgheim seier som ein kan backe opp med forsking. Om unge

kvinner i dag hadde vore fødd for to generasjonar sidan, ville mange færre av dei jobba. Det er jo ikkje på grunn av biologiske forhold, at kvinner er late eller mindre driftige.

– Ein blir påverka av kulturelle forhold, seier Mykletun og legg til.

– Det er ingen tvil om at politiske verkemiddel har påverka haldningane. Barnehagereforma har for eksempel medført at fleire med låg inntekt har auka yrkesdeltakinga ganske betydeleg. Det er vanskeleg å kople haldningar til biologi, meiner professoren.

Må gjere noko med lønsskilnadene

Leiaren i sjukepleiarforbundet, Eli Gunhild By let seg også provosere av utspelet.

– Eg synest det er oppsiktsvekkande at ein stortingsreperesant har desse haldningane. Noreg ligg heilt i toppsjiktet når det gjeld kvinner i jobb. Det her handlar ikkje om biologi, men om system, tradisjonar og kultur.

Sjukepleiar over 20 år, Trude Hansen meiner Helgheim ikkje må gløyme lønsskilnadane mellom kvinner og menn.

– Viss Helgheim kunne gjort noko med lønsskilnadane, så trur eg han hadde opplevd at utspelet hans ikkje hadde heldt heilt. Det er ein grunn til at det ofte er kvinner som må jobbe mindre i heimen, seier Hansen.