Hopp til innhold

Legar hyller Nakstad med eksklusive plagg

To legar vil få folk til å trykke Nakstad til brystet – bokstaveleg talt. Men du får neppe sjå han gå i den nye Nakstad-genseren sjølv.

Nakstad-skjorter

Genserane og t-skjortene blir berre trykte opp i eit opplag på 500.

Foto: Privat

Dette året har Espen Nakstad blitt ein namn og eit andlet fleire kjenner igjen i forbindelse med pandemien. VG og Dagbladet kåra han til årets namn i midten av desember, og han har blitt hylla av fleire for dei ulike tiltaka som har blitt setne i verk.

Ein av dei som er imponert over måten Nakstad har handtert pandemien på, er konstituert overlege ved intensivavdelinga på sjukehuset i Tønsberg, Pål Wold Morberg.

Såpass nøgd er han at han, saman med kona si og ein kamerat, sel genserar og t-skjorter med eit bilete av Nakstad trykka på brystet.

– Vi begynte nesten nettopp å selje dei, og så langt har det blitt selt 44 t-skjorter og genserar.

På grunn av rettigheitene til bilete har dei berre lov å selje 500 av dei, så det blir eksklusive plagg som sendast i posten til kjøparane.

Pål Morberg

Konstituert overlege ved intensivavdelinga på Tønsberg sjukehus, Pål Wold Morberg, fekk ideen etter å ha fått gode tilbakemeldingar på ei t-skjorte der han sjølv gjekk med motivet.

Foto: Privat

Avhengige av tiltaka

Han, kona Trude og hjernekirurg Vidar Stenset fekk idéen etter at pandemien sette inn og det vart innført tiltak.

– I mars opplevde me veldig mange pasientar med covid, og det var ei vanskeleg tid. For sjølv om me har moderne utstyr og medisinar, følte me oss makteslause ovanfor dei pasientane som var sjukast. Difor er me helt avhengige av tiltaka som vart sett inn av myndigheitene, slik at me kan gi den behandlinga me kan til dei som treng det.

Før jul gjekk han med ei t-skjorte med Nakstad sitt andlet på. Etter å ha fått fleire spørsmål om kvar han hadde fått tak i den, fann han, kona og Stenset ut at dei skulle prøve å selje nokre genserar og t-skjorter med motivet.

På nettsida skriv dei:

«Et par leger, et morsomt påfunn og en seriøs baktanke. Vi heier på vår nye folkehelt Espen Rostrup Nakstad. Du kjøper Nakstad-stæsj, Leger uten grenser får overskuddet og Nakstad får cred. Enkelt og greit.»

Helseskjorta

Vil ikkje bruke den sjølv

Espen Rostrup Nakstad, assisterende helsedirektør i Helsedirektoratet, på baksiden av NRK 9. juli i år. Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

Espen Nakstad trur ikkje sjølv at han ville brukt ein genser med andletet sitt på, men støtter dei som ynskjer det.

Foto: Eskil Wie Furunes / NRK

– Eg har ikkje sett genserane sjølv, men tenker det er ein morosam idé, seier hovudpersonen sjølv, assisterande direktør i Helsedirektoratet, Espen Nakstad.

Han fortel at han hadde høyrd om prosjektet på førehand, men at han ikkje var heilt sikker på korleis det skulle fungere, eller storleiken på det.

– Kunne du kjøpt deg ein sånn genser sjølv?

– Eg trur kanskje ikkje eg skal gå rundt med ein slik genser med bilete av meg sjølv, men andre må gjerne gjere det om dei vil det. Det går heilt fint for min del, seier han lattermildt.

Assisterende helsedirektør Espen Rostrup Nakstad

Dette er bilete Wold Molberg har kjøpt rettane til av NTB, slik at han kan trykke det på t-skjortene.

Foto: Heiko Junge / NTB

– Ein «posterboy» for kloke val

Wold Morberg seier det er deira måte å takke for tiltaka som har blitt gjort.

Che Guevara på t-skjorte

Illustrasjonen av Che Guevara er kjent over heile verda. Illustrasjonen av Nakstad, kan likne litt i stil.

Foto: ALEXANDRE MENEGHINI / Reuters

– Me som jobbar i helsevesenet er heilt prisgitt at folk held avstand og gjer kloke val, seier han og seier illustrasjonen av Nakstad på t-skjorta kan gi litt tankar til illustrasjonen av den kjente revolusjonsleiaren, Che Guevara.

– Ein «posterboy» for kloke val synest me er ein morosam måte å takke på. Eg føler han har blitt eit universalt og positivt andlet i denne koronatida, og så skal overskotet av pengane me får inn gå til å støtte Leger utan grenser.

Det er noko Nakstad støtter.

– Det tenker eg er eit godt formål. Det er ein organisasjon eg har støtta tidlegare, og dei gjer eit godt arbeid i land som treng helsetenester enno meir enn i Noreg.

Kommunikasjonssjef i Leger utan grenser, Silje Grytten, seier dei er glade for alle gåver og bidrag dei får inn.

– 95 prosent av inntektene våre kjem frå private givarar, så me er heilt avhengige av at både privatpersonar og selskap støtter oss. Det er einaste grunnen til at me kan gi den hjelpa me kan. Me har over 400 prosjekt i meir enn 70 land, og set difor pris på alt me kan få inn.

Hele Norges pandemi-general, Espen Nakstad, får personligheten analysert av Harald Eia og Nils Brenna. Hvordan er han skrudd sammen han som har stått midt i stormen og beroliget og forklart oss nordmenn hvordan det ligger an med koronaen omtrent hver dag fra i mars?