Hopp til innhold

Med ein månad varsel må 50 personar ut frå brakkehyblane sine

Arbeidarane blir tvinga ut i bustadmarknaden i august.

Brakkebolig Strømmen, rommet til Marcin.

BUSTADKAMP: Det er ikkje enkelt for Marcin Frankowski å konkurrere om bustad med studentar. Denne hybelen betaler han 5.500 kroner for.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Det er ikkje berre studentar som slit med bustad i august 2022. På Strømmen like ved Nitelva bur det 50 menn i eit gammalt brakkebygg.

I slutten av månaden må alle saman flytte ut.

– Her er rommet mitt, seier Marcin Frankowski som viser oss rundt.

Han har budd på den vesle hybelen sin i tre år. Eigentleg er han i Noreg for å arbeide, og sende pengar tilbake til dei tre barna sine, men for eit par år sidan fekk han ei arbeidsskade.

– Eg har venta i to år på ein operasjon, på grunn av pandemien, seier han.

No går han på Nav.

Han er ikkje optimistisk for korleis leigemarknaden ser ut for ein polsk ufør mann i august, når det ikkje er mangel på andre leigetakarar.

Brakkeboliger i Strømmen

I dette brakkebygget bur det 50 menn frå Polen, Litauen, Romania, og mange andre land. Dei fleste er arbeidsinnvandrarar.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Kort varsel

Varselet kom 13. juli, på norsk, då dei aller fleste av bebuarane var på ferie og besøkte familie. Eigedomsfirmaet seier det hadde vore vanskeleg å seier frå til dei tidlegare.

Kenneth Johansen Skaarud, prosjektleder i Stor-Oslo Eiendom

Kenneth Johansen Skaarud er prosjektleiar for Stor-Oslo Eiendom på tomta.

Foto: Stor-Oslo Eiendom

– Når vi fekk beskjeden og vi måtte avvikle verksemda der, så sa vi frå så fort som mogleg, seier Kenneth Johansen Skaarud, prosjektleiar i eigedomsfirmaet Stor-Oslo eiendom.

Dei overtok tomta i 2019. Planen deira er å bygge ut området med nye leilegheiter, men det tek tid.

Difor fekk dei lov av kommunen til å drive med hybelutleige i bygget i to år, fram til 1. januar 2022.

Les også Østeuropeeiske arbeidere forlater Norge – rammer byggebransjen hardt

Då det vart klart at byggeplanane ikkje kom på plass i løpet av desse to åra, søkte dei om to ekstra år i desember 2021.

Eit halvt år etterpå fekk dei beskjed om at søknaden var mangelfull. Då bestemte dei seg for å avvikle drifta, i staden for å følgje opp søknaden.

Sidan dei som bur der i utgangspunktet har korte månadskontraktar, håpar prosjektleiaren at dei kan finne andre alternativ raskt.

– Men vi syns det er synd å avvikle, og at det då står folk utan bustad, og må ut i marknaden.

Les også Ingen vil leie ut til Medin: - Sier jeg har for mange barn

Familien Syrian foran lastebilene på pappas nye arbeidsplass.

Langtidsbustad på kort kontrakt

Med så korte kontraktar er det ingenting juridisk i vegen med det eigedomsselskapet gjer.

Likevel har fleire budd i bygget mykje lenger.

– Eg flytta inn i 2013, seier Jan Szklarczyk.

Det var etter han måtte flytte ut av brakkebyen på Alnabru, som vart lagt ned.

Han har ikkje noko imot dei små romma, eller kjøken og bad som han deler med 49 andre menn.

Likevel synest han at standaren har blitt verre dei siste åra, med ei ytterdør som ikkje kan låsast, knust vindauge og lekk toalett.

– Det var betre med den gamle eigaren. Vi ringde og ting vart fiksa, seier han.

Utleigeselskapet M3 seier til NRK at dei planla å betre bygget, og hadde synfaring i mai, før dei fekk beskjed om avviklinga.

2 Brakkebolig Strømmen

Fleire ting burde vore fiksa i bygget. Hovudinngangen manglar lås, slik at kven som helst kan kome inn.

Brakkeboliger i Strømmen, lås på heisen

Heisen er øydelagt og låst slik at ingen skal gå inn.

Brakkeboliger i Strømmen

Fellesareala har fleire øydelagte ting og gamle møbel.

Brakkeboliger i Strømmen

Ruta i gangen er knust.

2 Brakkebolig Strømmen

Jan betaler rundt 4.500 kroner i månaden, sidan han har budd der så lenge, medan Marcin betaler 5.500 kroner. Det er ingen skilnad i størrelsen på romma.

Må ut i slutten av månaden

Lillestrøm kommune understrekar at det ikkje er dei som har pålagt at bebuarane må flytte.

– Vi manglar framleis dokumentasjon til å kunne vurdere søknaden ferdig, sa Ellen Anita Holterhagen, avdelingsleiar for byggesaker i Lillestrøm kommune til NRK i starten av august.

Kort tid etter, 14. august, trekte Stor-Oslo eiendom søknaden. Med det kjem kommunen til å følgje opp at alle faktisk flytter ut til fristen.

Om ikkje alle har flytta ut innan fristen som dei har sett, vil kommunen følge dette opp som ei ulovlegheitssak, seier Holterhagen.

Vanskeleg situasjon

2 Brakkebolig Strømmen

I fellesarealet går praten om kva som skal skje den neste månaden.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK

Heldigvis har både Jan og Mircan funne seg ein plass. Jan har funne seg eit rom i eit bufellesskap, medan Mircan får ein kommunal bustad gjennom Nav. Likevel er dei bekymra for naboane sine.

– Heile situasjonen er veldig problematisk, seier Mircan.

Etter kvart som folk kjem heim frå jobb helsar dei, og ein person spør om dei har fått med seg at dei må flytte. Fleire er oppgitte.

Nokre har arbeidsgivarar som kan hjelpe dei, men andre kjem til å stå på bar bakke i slutten av månaden.

Brakkeboliger i Strømmen

Etter kvart som dagen lir på, kjem fleire heim til bygget som snart blir tomt.

Foto: Erlend Dalhaug Daae / NRK
Brakkefolket en serie om livet til polske arbeidere som bor i en brakkeby i Oslo. Gjennom en vinter og en vår følger vi dem gjennom opp- og nedturer i livet. 
I første episode blir vi blant annet kjent med småbarnsfaren Lukasz som ferier bursdagen sin med en ekte brakkefest, og et ungt kjærestepar som ønsker seg bort fra "den bråkete" brakkebyen, men som sliter med å finne en leilighet.