Hopp til innhold

Døgnope gav milliongevinst for landhandleriet

Sidan 2020 har 40 små nærbutikkar her i landet blitt heilautomatiserte og døgnopne. For Lyngdal Landhandel i Flesberg, har det gitt klingande mynt i kassa.

Bodil Midtsveen. Blid butikkdame som viser det nye kjølerommet i butikken sin.

Bodil Midtsveen fekk pengestøtte til nytt kjølerom i landhandleriet. Folk kjøpte plutseleg brus og øl i mengder.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

– Det vart «pangopning» med ein gong det. Det rann inn folk etter ordinær stengetid. Midt på natta, ler Bodil Midtsveen.

I ei årrekke har kundane møtt det blide fjeset til Midtsveen bak kassaapparatet i det vesle landhandleriet i Flesberg. Nærbutikken langs fylkesvegen i Numedal har eksistert sidan 1947.

Dei siste åra har det blitt stadig tøffare å drive nærbutikk i distrikta. Men i dag har Midtsveen endå større grunn til å smile breitt.

– No hender det at eg har halve omsetninga etter stengjetid laurdag, fortel ho.

Landhandleri i Lyngdal i Flesberg.

Lyngdal landhandleri har fått ein ny vår etter at butikken vart heilautomatisk og døgnopen. Lenger nede i bygda ligg to supermarknader. Likevel har den vesle butikken 37 prosents omsetningsauke.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Måtte tilsette hjelp for å møte auka etterspurnad

I 2020 sa ho ja til å delta i eit nasjonalt prøveprosjekt som skulle styrke butikkar i små bygdesamfunn. Investeringsstøtte frå det såkalla Merkurprosjektet i kommunaldepartementet, gjorde det mogleg å starte ein sjølvbetent og døgnopen butikk.

– Då tenkte eg at dette må vere framtida, fortel Midtsveen og legg til:

– Det var berre å bygge om. Kaste ut den gamle kassa, få inn ein sjølvbetent ein. Inn med kamera i taket, og kortautomat ute så folk registrerer seg for å gå inn.

Ho innrømmer at det var litt skummelt. Å starte på nytt, med moglegheita for at folk kan gå ut og inn til alle tider av døgnet. Men det nye systemet vart ein suksess. Berre i løpet av det første året steig omsetninga med heile 37 prosent. Det utgjer 2 millionar kroner i auka sal.

To butikkdamer smiler til hverandre i et lite landhandleri.

Med auke i omsetninga måtte Bodil tilsetje Laila Severinsen. Ho hadde ikkje sett for seg at ho måtte hente tilsette i det vesle landhandleriet.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Og ho er ikkje åleine. Dei åtte fyrste butikkane som fekk støtte frå Merkurprosjektet opplevde ein omsetningsauke på 33 prosent.

I Flesberg har Midtsveen blitt nøydd til å tilsette ekstrahjelp for å møte etterspurnaden frå kundane.

Statsråden imponert: – Døme på politikk som verkar

Sidan oppstarten har 40 nærbutikkar i distrikta delteke i pilotprosjektet.

– Eg skulle gjerne hatt ein slik butikk der eg bur, ler kommunal og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik, som for høvet besøker landhandleriet i Flesberg.

Daglig leder Bodil Midtsveen i Lyngdal landhandleri snakker med kommunal og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik.

Kommunal- og distriktsminister Sigbjørn Gjelsvik er imponert over omsetningsauken til Lyngdal Landhandleri. – Dette viser verkeleg at det er interesse for dette tilbodet, seier han.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Han er imponert over kva Midtsveen har fått til i den vesle butikken, og kallar det ein gedigen suksess når han høyrer at butikken har hatt ein omsetningsauke.

– Dette er eit døme på politikk som verkar, og som kanskje verka betre enn vi hadde sett for oss på førehand. Dette er ikkje dei store beløpa i ein statsbudsjettsamanheng, men for denne butikken og dette lokalsamfunnet er det viktige pengar, seier Gjelsvik.

Les også Ny dagligvarekjede satser på døgnåpne og ubemannede butikker

Alltimat-butikk

– Herleg å ha ein butikk open heile tida

I butikken møter vi Hanne Bryggmann som akkurat har låst seg inn. Ho har valt nærbutikken, framfor ein av dei større butikkane lenger ned i bygda.

– Veldig kjekt å dra innom her. Eg jobbar ein del kveldar, så herleg å berre ha ein butikk open heile tida.

– Kor ofte handlar du her?

– Det blir fleire gonger i veka, svarer Bryggmann, som fortel at ho for det meste er innom på kvelden etter jobb.

Jente låser seg inn i selvbetjent butikk via en gul kortautomat på utsiden.

Hanne Bryggmann låser seg inn i butikken. Ho bur like ved og handlar i landhandleriet fleire gonger i veka.

Foto: Caroline Bækkelund Hauge / NRK

Statsråden lovar at regjeringa framleis skal jobbe for å vareta nærbutikkar i små lokalsamfunn. Fordi det sikrar tilflytting og held oppe busetting i bygdene. I mellomtida må butikkeigaren brette opp ermane.

– Kvardagen har ikkje blitt noko lettare. Eg må jobbe heile tida. Det må vere orden i butikken og eg må stadig fylle opp hyllene, seier ein framleis smilande Midtsveen.

– Vil du tilrå andre å gjere det same?

– Ja, absolutt. Det er mange nedslitne butikkar. Vi må følgje med i tida. Skal ein drive butikk i Distrikts-Norge må ein begynne med dette.