Verdas matvareprogram jobbar på spreng for å få mat til Gaza
Verdas matvareprogram (WFP) seier dei i snitt har frakta rundt 560 tonn med mat til Gaza kvar dag etter at våpenkvila starta, melder Reuters.
Men dette er framleis mindre enn det som er behovet.
– Vi ligg under det vi treng, men vi nærmar oss. Våpenkvila har opna eit smalt vindauge, og vi jobbar raskt og effektivt for å auke matvarehjelpa, seier Abeer Etefa i WFP.
Dei har framleis ikkje begynt distribusjon av mat i Gaza by fordi det foreløpig er avgrensa kor mykje som har kunne passere grenseovergangane i nord.